lørdag 1. oktober 2011

When in Rome...


.. do as the Romans - heitest det. Det mest romerske(?) eg trur eg gjorde var å gå over gata uten å ta hensyn til bilane, når det ikkje var lyskryss. Ellers trur eg at eg oppførte meg som ein ekstremt norsk turist. Men dette er ein fantastisk by, om enn noko turistifisert.

Syns det var så fasinerande utsikt frå flyet.
Piazzaen utanfor klosteret vårt by night
Eg skal tilbake ein gong. Då skal eg gå på Bar og drikke kaffe, sitte på Piazza og sjå på livet og berre suge inn lyder, lukter og nyte Roma (og ete masse, masse italiensk iskrem). Denne gongen var eg på jobb, så vi sprang litt frå det eine til det andre av kultur - bortsett frå den dagen vi fekk litt tid til shopping.(Vi ukulturerte valgte det i allefall ;) )

Roma har mykje å by på. Så eg tenkte å la bildene tale for seg - i allefall stort sett.


Eg vart i løpet av turen litt over normalt opptatt av søyletypar. Colosseum har dei tre hovedtypane, så her er eit lite lynkurs:
Dorisk, som er den mannlige typen, er den vi ser nederst. Det vi skiller det på er kapitèlen øverst. Den er heilt enkel på den doriske.
Jonisk ser vi i "andre etasje". Den har voluttar på sidene av kapitèlen. (altså ser det ut som om ein har ein åpen pergamentrull liggande oppå søyla)
Og øverst ser vi Korintiske søyler. Dei er pynta med akantusblad(og volutter) på toppen.

Colosseum inside
Meir enn mange andre plassar ser ein tydelege spor av fortida i Roma.


Romere
Romerske damer?

Spede spirar lyt få stå...
Forum Romanum
Senatus Populusque Romanus. Nemlig.

I triumfbuen etter beleiringa av Jerusalem i år 70.

Dag to var vi i Vatikanmuseet. Det er intressant å sjå korleis ting har utvikla seg innen kunst gjennom åra.

Vi hadde guide med tørkle på mast. :)

Denne stakkaren vart kastrert då dei fann ut at
det var usømeleg med nakne menneske...

I det sixtinske kapell valgte dei å leige inn ein malar til å male på diverse
plagg i sømmelighetens navn.
Mens andre fikk på seg fikenblad...


Eg likte denne - som illustrerer menneska si herping av jordkloden

(men det er ei stund sidan nokon tørka støv..)
 Det var mykje folk i vatikanmuseet. Det er visst veldig vanlig. Og det er litt over the top med utsmykninga og for slike som meg. Barokk-kunsten er ikkje heilt meg liksom..


Menn kan jo av og til vere nokre stutar..... (veit ikkje om det er det som er
tenkt med verket, men det var det eg fekk ut av det ;) )

Ser du kor bordet lyttar seg etter kvar ein står?



Det er faktisk berre skuggelegging

Den athenske skole

Legg merke til kanten under Jesus og apostlane...

Dette er innholdet i kanten..

Syns det såg ut som dei hadde tapa det...

Trappa for dei priviligerte..

trappa for oss andre.
Det var ein viss makaber side ved Roma som eg ikkje var så veldig klar over før eg kom dit. Sjølvsagt visste eg at kyrkja har ei nokså blodig historie, men at dette skulle vere så framtredande i kunst og -ja, kva skal eg seie- kultur? - det var eg ikkje forberedt på...

Paulus si halshøgging. (han skulle avlivast kjapt, for han var romersk borgar.)

Peter si henretting. (oppned på krossen)
Dette såg vi på før vi gjekk inn i verdens største/lengste kyrkje - St. Peters Basilika.

220 meter

Her ligg Pave Johannes Paul II (han forrige, veit du..)
Så kom det virkelig morbide. I Peterskyrkja ligg det altså fleire pavar. To av dei ligg rett og slett på utstilling.



Då er det jammen godt at det er litt anna der inne og! Alterbildet, om ein kan kalle det det - glasmaleriet som er framme i kyrkja - er heilt fantastisk vakkert!


St. Peters basilika. (Peterskyrkja) utanfrå (oppe på podiet der, på venstre side
sat vi under audiensen)

Kuppelen over alteret i Peterskyrkja.

Eg lurer på kor maskuline dei føler seg...
Eg hadde høyrt mykje om biltrafikken i Roma. Og vart litt skuffa. Det var på langt nær så kaos som eg hadde forestilt meg. Men litt kaos var det jo ;)


Dagligdags.



Eg lot meg fasinere veldig av parkeringane. Her var det dobbeltparkering for alle pengane. Og hemmeligheten bak at det går an: Dei låser ikkje bilen, set den i fri når dei parkerer. Slik kan den innanfor berre gå inn i bilen, løsne brekket og trille bilen fram eller bak etter behov når han skal ut.


Ved inngangen til nok ei kyrkje. Eg var litt usikker på om eg skulle ta av
eller på kle...

Gjennom Roma renn Tiber. Må jo ha med eit bilde av den.

Victor Emanuel-monumentet. Eit viktig landemerke for oss.

Pantheon

Trevifontenen. Eg kasta i mynt. Eg skal tilbake!
Overalt fann du drikkefontener. Vatnet var trygt.

Og er du i Italia, så må ein ete og drikke godt. Det gjorde vi. Kvar dag.


Dei serverer maten litt annerleis i Roma. Så ein må hugse å bestille tilbehør. (det kjem for seg sjølv.) Eller så sit ein der med kjøtet eller fisken ein har bestilt, utan grønsaker eller salat.
Heil fisk på tallerken. Den var god - men litt masse.

Salat til lunsj :)

Litt godt i glasset gjorde seg og :)

Italiensk is - i særklasse :)

Vi var og innom ein diakonal stiftelse.
Som sagt - vi var ikkje berre turistar. Vi hadde ein tur der vi lærte om historia vår og jobba oss sammen som kontor med samtaler og praktiske øvingar. Det er ein fantastisk arbeidsplass eg har, der det kryr av herlige menneske! :)


1 kommentar:

  1. Var i Roma i vår, fantastisk by. Kasta også mynt, så skal tilbake :)

    SvarSlett