tirsdag 18. oktober 2011

Trafikkfare!

I dag har eg vore i Øvre Årdal ein tur. Det er ein tur som i følge gulesider.no skal ta 3 timar og 15 minutt. Gule sider tek ikkje høgde for vegarbeid. Ikkje for styrtregn heller. Begge deler kan ein lett møte på her på Vestlandet.

Regn er ikkje eit ukjent fenomen på Vestlandet.

Både dit og tilbake hit tok det godt 4 timar. Og eg er ikkje ei tolmådig sjel, og kombinerar du dette med at eg heller ikkje er spesielt svak i høgrefoten, så har du potensialet til ei rimeleg stor trafikkfare.
Eg måtte ta meg i nakken fleire gonger og tenke: "det er ein del av heilaggjeringa!"

Då eg attpåtil vart liggande bak ein bergenser, som køyrde 80 og vel så det når det var strake, fine vegar, men angreip svingar og lavare fartsgrenser med krabbegir - kjende eg at det var rimelig bra temperatur i bilen.

Bergenseren har sikkert vore buekorpsgutt! Dei trenar jo på å vere
trafikale hindringar.

Og korleis kunne eg vite det var ein bergenser?
Bevis nr.1: SR-registrert bil. Ja, eg veit at andre og kan ha bilar registrert i Bergenstraktene. MEN:
Bevis nr.2: Brannvimpel og -bamse i bakruta. Det kunne framleis ha vore ein som hadde greidd å bli ovebevist om at dei raude er dei beste.
Bevis nr.3: Ikkje i eit einaste kryss eller ei einaste rundkøyring greidde han å bruke blinklys. Dèt har eg berre opplevd bergensarar som greier!

Det er rikeleg med lange tunnelar med fotoboksar i Indre Sogn.

Det var stor lykke i bilen då han plutselig tok av i retning Oslo i Lærdal, og eg kunne gje gass igjen. Men då var det jo alle dei herlege fotoboksane i tunnelane. Eg trur no nesten dei er like trafikkfarlege som farta, for uansett om du held fartsgrensa eller ikkje, så slår bremserefleksen inn..

Men det vart litt alvorleg for meg då eg var komt nesten fram til Øvre Årdal. For der sat eg og kjefta ned i fotoboksar og bergensarar, og syns egentlig at eg burde får køyre så fort eg ville. Men, kva om noko hadde skjedd? Kva om ein unge sprang fram i vegen der eg låg 10 km over fartsgrensa, og dei 10 km avgjorde at bremselengda mi var akkurat dèn meteren for lang? Kva om vatnet i vegen fekk bilen til å plane og snurre rundt, rett i fronten på traileren som kom i mot?

På veg heim. 20 min vegarbeidsstans.

Lover og reglar er ikkje der for å plage oss, men for å ta vare på oss. Eg tok det litt meir med ro på vegen heim igjen, og sette på øvingscd-en til julekonsert med Seraf, song så det lyste i dei stille grendene på vegen og tenkte: Av og til gjer det ingenting om ting tek tid. Deilig er jorden! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar