onsdag 31. juli 2013

Barnlaus

Eg nyt deilige dagar i København,
det er varmt - sola skin når det ikkje er torevêr 
og eg har allereie møtt mange nydelige menneske!
Og eg har tenkt masse på det med å vere menneske.
Kor forskjellige vi er.
Kor ulike historier vi har.


Eg har høyrt mange historier i sommar.
Om liv som ikkje vart som forventa.
Om liv som ikkje vart.
Om kor tilsynelatande tilfeldig det er at vi er til.
Om smerten ved å misse det du drøymer om,
eller aldri å få det.
Og eg er så takknemlig for alt eg har!


Etter mitt småsinte blogginnlegg om singelliv og samliv
har eg fått høyre mange historier 
som handlar litt om dei same tankelause måtane
vi kan tiltale kvarandre på.
Men ikkje berre rundt singellivet,
men rundt det å vere barnlaus.


For nokre er draumen om å få eit barn
den aller største draumen.
Nokre opplever at dei ikkje finn nokon å 
dele dette med, og får gjerne høyre at 
"no må du finne deg nokon før det er for seint".
Eg har fått høyre det og, 
men eg er så heldig at eg allereie er tante til
dei 10 mest fantastiske menneska som finnes, 
så for meg er det inga krise å ikkje få barn.
Men det var ikkje slik eg hadde sett føre meg livet mitt
då eg var 16...eller 18.. eller 22...


Men om du drøymer om det,
og ikkje ser korleis du skal få oppleve det, 
så er det berre vondt å bli minna på, 
sjølv om det er sagt med glimt i auget.

Og så har ein dei som har funne seg ein å dele livet med,
og enten ein har gifta seg eller berre er sambuar,
så kjem kommentarane etter ei stund.
Om det ikkje snart er noko på gang.. 
Og så har ein prøvd og prøvd og ikkje lukkast.
Mange eg har snakka med hadde eg ikkje trudd
at var der at dei arbeidde med saka,
så min tanke no er at mange fleire enn vi trur
opplever slike nedturar.
Og det burde vere eit kjent faktum at det er ikkje berre
å trykke på ein kapp, så blir ein gravid,
sjølv om det for enkelte kan virke slik.


Berre det siste året har eg fleire venner som har opplevd 
gleda ved å bli gravid, og smerten det er å miste barnet,
enten i løpet av svangerskapet eller rett etter fødsel.
Eg har venner som har opplevd fleire spontanabortar,
der gleda ved å bli gravid har blitt til eit fryktmoment.
Draumen om barnet er der,
men frykten for kva som skjer dersom ein blir gravid igjen
er som ei svær tordensky som heng der med alle sine truslar.
Då er det ikkje greitt når nokon kjem med 
små morsomheter om at det er på tide å sette i gang.


Å få barn er ingen menneskerett.
Å få barn er eit privilegium.
Å få barn er ei gåve.
Å få barn er noko vidunderleg, 
noko som er så fantastisk at det ikkje kan måle seg med noko anna.
Men ikkje alle av oss vil få oppleve det.
Sjølv om vi gjer alt vi kan for å få det.


Ein del av dei historiene eg har høyrt 
har satt djupe spor i meg.
Smerten og saknet er så stort at det finnes ikkje ord.
Så eg kjente at eg måtte skrive dette litt alvorlege blogginnlegget, 
for å minne både meg sjølv og andre om 
at vi veit ikkje kva historie dei andre sit med.
Sjølv om vi kjenner folk rimelig godt
er det ikkje sikkert at dei deler all smerten med oss.
Vi veit ikkje kva veg dei har gått,
kva smerte dei har måtte smake
eller kor hardt dei har forsøkt.
Vi kjenner ikkje til alle draumar, håp og lengsler
menneska rundt å ber på.
Så vi treng å tenke oss om før vi trakkar inn
i det private, sårbare rommet
med store slagstøvlar med mykje møk på.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar