lørdag 3. august 2013

Det gode liv i København


Det har komt nokre meldingar 
frå folk som lurer på om eg har det bra her i København.
Så eg fann ut at det er kanskje best å blogge litt om
mitt opphald i denne vakre byen.


Eg jobbar jo som sommarvikar for vertskapet her
i Kong Haakons kirke, 
eller sjømannskirka i København.
Eg syns det er ein veldig ok måte å bruke ferien.
(sjølv om eg i år var litt usikker, 
sidan eg skal flytte til San Francisco til hausten)


Det er veldig spesielt å få lov å jobbe i sjømannskyrkja.
Og når eg har gått her og vaska, baka, ordna og styra, 
så har eg tenkt på kva det er som tiltrekk meg slik.
Det første trur eg er gjestfridomen.
Du blir alltid møtt her. Og vi som arbeider her er bevisste på det.
Det er jo slik kirka burde vere.

Dette blei fint understreka andre kvelden, 
då dei som hadde vore sommarvikarar før oss, 
og vi som er sommarvikarar no 
vart invitert heim til presten saman med nokre til.

Ein prest som faktisk kan lage mat! ;-)

Ein skal ikkje undervurdere det å samlast rundt matbordet.
Det er litt sjømannskirka si greie, 
og det funkar så utruleg bra.


Det andre som tiltrekk meg er at ein har omsorg for kvarandre.
Ekte omsorg.
Slik det burde vere i kyrkja.
Vi kan vere lys på vegen for kvarandre, 
vere tilstades og bry oss.
Det er så lett å komme med svar og løysingar,
for det sparar tid, 
når det menneska rundt oss virkelig hadde trengt
var litt av tida vår.
At vi var villig til å gå eit stykke veg saman med dei.
Og ønsket om å vere til for kvarandre
møter eg her - og eg møtte det i fjor i Pattaya.
Og erfaringane lar ikkje vente på seg,
dei kjappe svara gir så utruleg mykje mindre tilbake
enn å ta seg litt tid!


Og det er utvilsomt knytta til det tredje eg finn veldig tiltrekkande,
nemlig menneska.
Eg har ei svakhet - eg blir veldig fort glad i mennesker.
Og eg har allereie greidd å bli glad i ganske mange her..
Det finns så utruleg mange fantastiske menneske!
Faktisk vil eg våge å påstå at alle menneske er 
fantastiske. 
 ( Men ikkje alle fungerer nødvendigvis like godt i lag ;) )

jenta har vore på shopping :)

Nok ein gong har eg komt til ei sjømannskyrkje,
og fått oppleve berre etter dagar at 
livet mitt har vorte rikare.
Det har vore i innhaldsrik veke for meg, 
sjølv om det ikkje har vore ei heil veke endå.
Eg har, for dei som måtte lure på kva dagane går med til,
for eksempel sykla på ein sykkel, 
som ikkje står fast på bakken,
for fyrste gong på sikkert 15 år.
Det var betryggande å oppdage at har du fyrst lært å sykle, 
så kjeme det tilbake ganske fort..
Men eg må innrømme at det var veldig uvant at 
styret kunne bevege på seg.... ;)


 Eg har og vore ute og ete og fått ein herleg dessert
som var så enkelt at sjølv eg kan greie å lage den:
vaniljeis med espresso.
Eg seier det berre:
HEILT UTRULEG FANTASTISK!
Eg var salig i mange timar etterpå!

Perlehøns med noko grønn skumgummiliknande greier
var derimot ingen stor vinner for min del...


I går var vi som arbeider på kyrkja her no ute
med ei som har jobba her før og venninna hennar.
Det vart ein veldig fin kveld!
Så fin at den tok stadig nye vendingar :)


Det var litt politisk debatt,
og sidan det er no valg i år er jo det store spørsmålet:
Skal eg velge mor mi sitt parti 
eller skal eg lukke augene når eg går inni stemmeavlukket 
og ta slippen øverst til venstre?


Vi andre syns det var og det var festlig med litt politisk engasjement :)


Litt samstemt i drikkevegen?

Så måtte vi jo gå ein tur igjennom Christiania.
Der var det ikkje lov å ta bilder,
men det hadde vore genialt å få gå laus med kamera der.


Vidare gikk turen til Amagerstrand
for å ete is..


kva er vel meir sommar enn sand mellom tærne??? :)

Finaste Sigrunn og Hanne Marie

Det er veldig varmt og lummert i København om dagen, 
så ein tur på stranda var absolutt ein vinnar.
Og for å toppe heile... ja, kvelden, 
så enda vi nok ein gong heime hos presten
med hyggelig samtale og godt selskap :)

Sjømannsprest i solnedgang

I dag og har det vore varmt, 
og travelt,
men veldig kjekt.
3 par har fått sagt ja til kvarandre,
eg har kokt laurdagsgraut
- uten å tabbe meg ut, sjølv om det var farleg nær
at det gjekk eit kilo smør i grauten, i staden for 200 gram - 
og baka kake til kyrkjekaffen i morgon.
(om eg har tabba meg ut der, gjenstår å sjå ;) )

Og så har eg snakka med mange herlige menneske!
Eg kjenner at eg er så takksam 
for at eg får lov å vere med på dette.
Takksam for å få vere del av ei kyrkje
som har rom for alle,
omsorg for alle, 
til og med for sånne som meg :)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar