mandag 5. august 2013

Elsk-verdig

Det starta på hin dagen, då vi snakka om politikk, tidleg ultralyd og sorteringssamfunn.
Det har vore mange innlegg her og der som fortel om foreldre som føler seg pressa mot abort av helsepersonell og andre når det kjem fram at barnet dei ventar ber på eit eller anna handicap, som til dømes Downs syndrom. Desverre er det ingen av dei som ga etter for presset som fortel sine historier, så vi veit vel ikkje heilt kva mørketal vi har - bortsett frå aborttala, som uansett er svært høge i Norge.
I Danmark har ein komt hakket lenger, det er blitt vanleg å velge abort dersom det blir påvist Downs syndrom. Og det var utgangspunktet for at ein som sat rundt bordet kom med utsegna: "Dersom ein skal fjerne alle med Downs, kva blir då det neste? Alle med grøne auge?"

Eg har grøne auger... 


Det sette i gang ein tankeprosess som eg sikkert ikkje er ferdig med, men som eg likevel har lyst å skrive litt om.
Korleis er det egentlig å ha Downs syndrom, og høyre menneske argumentere for lovgivning som åpnar for at slike som deg kan fjernast før dei er fødde? For meg er det eit tankekors at eg aldri har høyrt om foreldre som skulle ønske at dei ikkje hadde sett eit barn til verden, sjølv om barnet hadde utfordringar som gjorde livet både strevsamt og krevande... Bioteknologi og tidleg ultralyd er heite saker.. Men det er ikkje berre det som er fokus på i samfunnet vårt. Kva gjer det med oss menneske når politikarar, media, helsepersonell og andre fortel oss kva som er gale med oss - både direkte og inndirekte? Vi møter råd om korleis vi kan bli slankare, vakrare, smartare og få eit bedre sexliv i alle kanalar. Kva gjer det med sjølvbildet vårt? Og kva gjer det med sjølvbildet til dei som kjem etter oss?
Kva gjer det med synet vårt på andre? Utviklar vi eit slags moderne kastesamfunn? Er nokon meir verd enn andre? Er det nokon som ikkje er verd å elske?



"Det er det indre som teller" har vi alle høyrt - men trur vi egentlig på det?
Dersom nokon seier til meg at eg er fin - så seier eg som regel takk, men inni meg ramsar eg opp alt som er feil med meg. Eg er for altfor tjukk, eg har for mange fregner, eg har eit uregjerlig hår, ja, eg har begynt å få grå hår, eg har feilplassert smilehol, eg har føter som er korte og breie - ikkje smale slik som dameskoa er, eg har cølikai og allergi, eg har... lista fortset til i morgon om eg ikkje stoppar no. 

Og "det indre" har ei like lang liste - eg er for høglytt, for pratsom, for frittalande, for nysgjerrig, for lite forsiktig, eg blir altfor lett engasjert, eg er for dårlig til å lytte til andre, eg snakkar altfor ofte før eg tenker, eg er ikkje akkurat ein solstråle på morgonen, eg er... ja, lista er lang der og.
Helst skulle eg ha vore liten, nett, hatt jamn og fin brunfarge, perfekt hår, vore snill, passe beskjeden, sjarmerande, morsom, søt og uskyldig, smartere og så vidare.


Eg trur ikkje eg er åleine om å tenke slik om meg sjølv. Eg trur vi alle har ting vi gjerne skulle hatt på andre måtar, og eg trur mykje blir forma gjennom korleis ein får vite at idealet er - frå venner, foreldre, søsken, media, helsevesen, politikere og andre kjende personar.
Vi blir bombardert med bodskapar om korleis vi kan bli den vi burde vere - i staden for kva som er bra med kven vi er og kva som er bra med mangfoldet.
Og vi trykker kvarandre ned... og jagar etter noko som kan styrke sjølvbildet, noko som kan gje oss følelsen av at vi er verd å elske - slik som vi er. 

Men er det egentlig slik at vi må endre så masse for å bli elska?

I minneboka mi frå folkehøgskulen har ein av gutane skrive eit sitat, som han sikkert skreiv til fleire enn meg, men som beit seg fast i meg:
"If I could give you one thing in life, I would give you the ability to see yourself through my eyes, only then would you realize how special you are to me."
Eg må seie at eg ofte lurer på kva folk ser når dei ser meg.. ser dei det samme som meg?


Menneska vi er glad i blir vakre - ikkje sant? 
Og vi blir ikkje glad i nokon fordi dei er spesielt perfekte, gjer vi vel? 
Eg kjenner at eg må ta meg sjølv i nakken og minne meg på at eg er elsk-verdig, sjølv om eg har langt større feil og manglar enn grøne auger.. (sjølv om eg ba Gud om å få blå når eg var liten, så har eg faktisk godtatt at dei er grøne. Men desverre ga Han meg bønnesvar nok til at eg vart blåøygd på andre måtar. ;) )

Eg må bli flinkare til å fortelle andre kva som er bra med dei, skryte når dei gjer noko bra, fortelle det når dei ser bra ut, våge å seie ting som "Du er så fin når du smiler", "Eg likar augene dine", "Eg diggar deg!" og ikkje minst orda " Eg er glad i deg"

Det gjer nemleg noko med deg når du får høyre slikt. Noko bra!







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar