fredag 30. august 2013

Kyrkja mi

Eg har sidan eg vart døypt
vore medlem i Den norske kyrkja.
Eg har ikkje alltid trudd på bodskapen den formidlar,
men eg har likevel fått lov å vere del av den.


Det er ikkje alt eg forstår av teologiske diskusjonar,
eller veit korleis eg skal forholde meg til,
men eg er framleis velkommen.


Utanfrå kan det sjå ut som den ikkje er enig med seg sjølv,
men når ein ser godt etter så er den tydelig på det som er viktig.
Den kan virke som ein rar liten klubb,
med gammaldagse ritualer,
men ingen plass er mangfaldet så stort som nettopp her.
Her møter du menneske du diggar frå fyrste sekund,
og dei du ikkje går overens med same kor mykje du prøver.
Her samlast menneske med ulike interesser,
bakgrunnar, etnisitet og funksjonsnivå.
Her møtes gammal og ung, gifte og single.


For å få eit møte med den Heilage.
Og for å få eit møte med dei andre som deler trua på Han.
Her kjem og dei som søker,
utan å ha bestemt seg for kva dei vil tru på,
og dei som slit med å tru på noko,
men berre treng å få vere der dei er.


Her møter du ingen forventing om løfta armar i lovsong
eller lange flammande vitnesbyrd.
Men det er rom for det og.


Her er det ingen perfekte menneske,
men ei samling av oss som treng noko meir enn oss sjølve,
som treng nåden og fellesskapet.


Den norske kyrkja er
ei folkekyrkje.
Den er
kyrkja mi.
Den er kyrkja eg har blitt utruleg glad i.
Fordi den består av menneske
som sammen skaper eit fellesskap
som gir rom for sanninga om kven eg er,
og som viser meg kven Gud er - litt etter litt.


At kyrkja mi ikkje har alle dei ferdige svara
på dei kompliserte teologiske spørsmåla,
er veldig befriande.
At ein kan leve side om side,
puste i same lufta,
utan å kreve retten til lufta,
sjølv om ein har ulikt bibelsyn,
er i grunnen fantastisk.


Eg har blitt så lei av alle som påberoper seg å ha rett lære,
når tolkingsromma er så store.
Eg er så lei av dei som fortel at for å vere kristen
så må du passe inn i ein formel.
Eg blir provosert når eit politisk parti
tar namnet "dei kristne"
som om alle vi som trur på den treeinige Gud er enige med dei.


Eg blir lei meg når menneske som ikkje har vore på
gudsteneste i Den norske kyrkja på år og dag,
fortel meg om at kyrkja mi ikkje er kristelig nok.
Når eg møter menneske i kyrkja mi,
så møter eg så utruleg mykje tru, håp, glede, engasjement og kjærleik,
men det er kanskje litt meir stillfarande enn i ein del andre samanhengar.
Kyrkja mi er meir enn høge teologiske diskusjonar
og fine kyrkjebygg, sjølv om den har det også.


Mangfaldet av kristne trussamfunn trur eg er bra,
for det handlar egentlig berre om måtar å uttrykke seg på.
Og vi menneske er forskjellige,
nokre av oss likar liturgi og salmesang,
nokre likar frie former og lovsong.
I Guds rike er det plass for begge deler.


Men altfor ofte kan ein sjå ned på dei som er annleis,
som ikkje uttrykker seg på same måte som vi.
Og kanskje er det ekstra lett å angripe
ein institusjon som har eksistert lenge,
som kan virke litt famlande og vinglete.
Men det er fordi vi er menneske som formar den,
menneske med feil og manglar,
som stadig gjer ting vi ikkje burde - også i kyrkja
Menneske som har ein ting felles:
Vi søker det hellige.
Vi søker DEN Hellige.


Eg syns Erik Hillestad seier det så bra i sangen "Djube spor":

Du har gitt oss kjerkå, Gud
Hu gjør vel ka hu kan
Hu virke sleden, hu e litt rar
Men om hu svikte, så e hu alt me har

Det blir sagt og skreve møje sant
om liv og lere som sprike
men i avmakt, som ein diamant
gjømme kjerkå ditt rige

For bakom fromme ord og tågeprat
Der kan eg møda deg
som har gått så tunge steg
for å møda meg.














Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar