søndag 1. september 2013

On the road again... and again.. and again..


 Forrige søndag kunne eg nyte synet av vindmøllene på Amagerstrand.
Det er faktisk berre ei veke sidan eg forlot deilige Køben,
og dei fine folka der.


Vegen for meg gjekk til Bergen.
Der vart det innføringskurs i Sjømannskyrkja på meg, 
før eg stressa meg avgarde til Ulvik, 
der Stiftsmøtet i Bjørgvin venta.
(Det er ei storsamling for prestane i bispedømet)

Det er alltid spennande med slike hotellsenger...

Der fekk eg lov til både å snike meg inn på bakerste benk
og stå foran og undervise.
Det var litt travle, men veldig kjekke dagar.
Det er mange fine folk som jobbar i Den norske kyrkja!


Det var ei ny erfaring for meg
at eg hadde vore veldig involvert i planlegginga
for så å reise på ferie
og sleppe alle trådane og satse på at andre tok dei.
Det gjekk sjølvsagt heilt fint,
bispedømekontoret kjem til å greie seg fint
utan meg når eg reiser.. 

Eg kan og seie at Ulvik er eit svært vakkert stykke norsk natur,
men ikkje ein plass Frk. Fure ville trivast med å bu.
Det var godt å setje seg i bilen og køyre tilbake til sivilisasjonen
mellom dei 7 fjell.

Utsikta frå Ulvik

 Eg greidde og å skvise inn ein tur til Os på torsdag kveld, 
så fredag avspaserte eg og feira med ein tur til tannlegen.

Deretter sette eg og Berit Margrethe oss i bilen 
og sikta kursen mot Jørpeland.
Ein aldri så liten, særdeles kjekk og hyggelig
jenteroadtrip fekk vi :)


Hav og fjord altså! VAKKERT!

Jentene på tur over fjorden

Stemninga er på topp!

Målet var Silje og Roar si stue, 
der det var Kind of Open Mic-night.
Ein slags huskonsert der det var husband
og mange ulike som sang kjente og kjære sangar.

Kenneth og gitaren hans

Det var veldig, veldig artig og høgt musikalsk nivå.
Forsåvidt ganske høgt lydnivå også, 
men lyden var overraskande bra med tanke på at dette
var i ei privat stue med lavt under taket.
Og gjensyn med gamle venner er aldri feil!


Berit innfridde sjølvsagt! :)
Kveldens beste sanger: Silje!! <3

Happy på Jørpeland

 Laurdag bar det ut på vegen igjen, 
nok ein gong sette eg (vi) kursen mot Bergen.
Vi tok ein liten svipptur via Karmøy
der Berit fekk helse på niese og nevø,
og hente litt ting og tang.
Og vi fekk ei aldeles nydelig kylligsuppe, 
og den beste glutenfrie foccaciaen eg har smakt!


Karmøybrua

Ho ser faktisk mot kamera!

På vei inn mot Halhjem..

 Vel heime tok eg meg ein dusj, 
henta litt sushi og sette kursen mot Loddefjord.
Der venta høggravide Venke på besøk, 
og vi fekk ein avslappande og kjekk jentekveld.

Vakre Venke!

I dag
ropte sofaen på meg.
Eg hadde tenkt å gå meg ein tur, 
men det regnar sånn...
Eg trur eg berre blir her, 
det er jo litt godt å slappe litt av innimellom,
for på tysdag er det ut på tur igjen :)
(og eg gledar meg allereie!)



1 kommentar:

  1. Masse fine bilder og mange kjekke opplevingar på kort (!) tid! Du veit å leve livet :-)

    SvarSlett