Eg er så heldig at eg er tante
til dei 10 mest fantastiske menneska i verda,
reint objektivt sett.
Eit av desse menneska har eg fått ha besøk av
to gonger sidan i vår.
Først berre på ei vekes ferie,
og no på besøk til tante for å hjelpe
tanta med 10 tommeltottar å flytte ein lampe...
Finn ein feil! |
Dei færraste som har vore på besøk med meg har tenkt
noko særleg over at det hang ein lampe midt over golvet...
Den var litt sånn som eigaren,
lett malplassert men likevel tilpasningsdyktig nok
til at ingen la merke til det før dei stanga i den...
Så det var utruleg deilig
å komme heim i går ettermiddag til ei lampe som hang
litt meir over bordet, og litt mindre midt over golvet..
Men når ein har storfint besøk,
så må ein jo også gjere litt kjekke ting,
som f.eks. å gå på Fløyen :)
Utsikt frå ein av svingane i Fløyensvingane |
Og ja, vi GIKK opp! :)
(og ned igjen - i mørket)
Finnes ikkje familielikhet! ;) |
Og når ein har gått på Fløyen i det som føltes som minusgrader,
i allefall på vei ned igjen,
så er det godt med litt kakao
og ein god film...
I dag var det som vanleg arbeidsdag for meg,
men eg har heldigvis ein jobb der eg kan vere litt fleksibel
i forhold til lunsjavtaler når det ikkje kolliderer med andre ting.
Så i dag vart det utskeiing
og Brunello til lunsj :)
Finaste Ellen Synøve! <3 (men at ho ikkje frys i hel forstår ikkje eg...) |
Det var litt dumt å ikkje kunne ta fri frå jobb
for å henge meir,
og eg må innrømme at det var litt tomt å komme heim i dag..
Men ho hadde ein lang tur foran seg,
og sommardekk på bilen.
Så eg tok på meg joggeskoa og gikk på Fløyen i dag og..
Det er utruleg kor mange folk som tenker at det er ein grei tur å jogge,
eg har meir enn nok med å gå!
Det er jo motbakke heile vegen opp!
Tatt rett før det sette i gong å regne... |
Det er uansett ein utruleg flott tur,
og eg må vel berre å innsjå at hausten er godt i gang.
Det er jo litt deilig når lufta blir litt skarpare også.
(men det skal bli godt å flytte til eit litt mildare klima..)
På vei ned igjen fekk eg melding frå Sigrunn,
som eg vart kjend med i Køben i sommar,
om at ho var i byn.
Så da slapp eg å gå heim og ta laust på pakkinga,
men kunne berre ta meg ein dusj
før eg fekk ein deilig avslutning på dagen
på Pingvinen sammen med henne.
Livet er i grunnen heilt ok! :)
Looking for information about Norway, I found your blog. I liked
SvarSlettThank you! :)
Slett