tirsdag 10. september 2013

Innanfor eller utanfor?

Det er ei stund sidan det dumpa eit blad i postkassa mi der ei av hovudoverskriftene var "Når kristne er utro". Denne overskrifta har plaga meg litt. Ikkje fordi ein tek opp temaet utroskap. Men fordi den signaliserer at det er noko anna om kristne gjer det enn om anna folk gjer det. Er det virkelig sånn?

Første problemet mitt med denne overskrifta er altså at den antydar det er verre at nokon som kallar seg kristen er utru, enn om andre gjer det. Kvifor er det slik? Blir ikkje såra like vonde uansett kva livssyn ein måtte ha? Blir ikkje konsekvensane like krevande? Ja, eg forstår at her ligg nokre etiske greier og lurer - og at det ofte kan bli meir press på å tilgje innanfor kristelege kretsar, men er det virkelig så forskjellig frå menneske som trur på andre ting? Kan det ikkje vere like øydeleggande for dei?
Har vi som er "innanfor" i kristne kretsar ein tanke om at det er mykje verre at det skjer hos oss, enn at det skjer der ute i verda? Og det bringer meg til neste problem...



For det andre problemet mitt med dette er kven ein definerer som kristen. På ein måte er det eit større problem for meg kva det å seie noko slikt signaliserer.
Kven har rett til å sette den merkelappen på nokon? Skal ein leve opp til ein standard for å kunne kalle seg det? Det er ikkje berre i denne overskrifta at ein definerer nokon som innanfor og andre utanfor "kristne"-begrepet. Det er i grunnen ganske vanlig i kristelege kretsar. "Vi kristne.." eller "vi som er kristne..." eller den som er endå verre: "Dei ikkje-kristne..." Det ligg noko i desse måtane å uttrykke seg på som eg finn vanskeleg.

Eg finn det vanskeleg fordi eg har gått lenge nok i kristne miljø til å vite at det ligg eit sett med forventingar bak dei. At der er ei forståing av kven som er innanfor og kven som er utanfor. Noko som får meg til å tenke på farisearen og tollaren i tempelet. Farisearen som ba sine fine bønner og takka for at han var noko bedre enn tollaren som stod der bak. Medan tollaren berre ba setninga: "Gud, ver meg syndar nådig!" Og eg vil så gjerne vere som tollaren, men trur altfor ofte at eg er som farisearen, berre fordi eg har profilert meg som kristen....


Spørsmåla rundt kven som er kristen eller ikkje har plaga meg ei stund. Eg har møtt dei i mange samanhengar, ikkje minst på jobb. Som god lutheranar trur eg at når du er døyp er du innlemma i det kristne fellesskapet - altså under kategorien ein kan kalle kristen. Eg trur og du kan vere kristen sjølv om du ikkje er døypt. Eg trur heller ikkje at dåpen gjev deg automatisk fripass til himmelriket, men dersom ein velger å tru på Jesus, så er det nok. Dette er fryktelig kompliserte greier, dåpsteologi er ikkje enkelt. Og dei ulike kristne trussamfunna har ulike syn på det, for å gjere det endå meir komplisert..

For min del opplevde eg eit nytt aspekt ved dåpen då eg fekk bere ei av niesene mine fram til døypefonten. I det eg bøygde meg fram for at ho skulle få vatten på hovudet, så kjende eg bevegelsen av å gje ho frå meg. Og tanken slo meg: "No, akkurat no, legg eg ho i Guds hender. Der er ho trygg og der skal ho få lov å leve heile livet sitt." Sjølvsagt kan ho velge det vekk seinare i livet, men om ho gjer det og så angrar seg, så vil ho alltid kunne komme tilbake og ha ein plass i det kristne fellesskapet.


Og dette handlar om tru. Trua er inga bragd, det er ei gåve, noko vi ikkje heilt kan forklare. For meg er det ganske usentimentalt og konkret. Det handlar ikkje om kva eg føler, og er ikkje avhengig av dagsforma mi. Det handlar om kva eg vel å orientere meg ut frå, kva eg trur er utgangspunkt for min(og resten av verda) sin eksistens. Eg trur at det finnes noko større enn meg, eg trur det finnes ein Gud - ikkje mange. Ein treeinig Gud, som i seg sjølv er eit fellesskap, som er tre personar i ein: Faderen, Sonen og Den Heilage Ande. Det er fullstendig ulogisk og likevel heilt naturlig. Forstå det den som kan - eg forstår det ikkje, det er berre slik det er.


Eg trur at Han bryr seg og har omsorg for oss menneske.  Eg trur Han har skapt oss og framleis skaper kvar dag. Han skapte oss ikkje som nikkedukker, vi var skapt med eigen vilje og handlekraft. Og ein plass på vegen gjekk det gale. Eg trur det handlar om at vi menneske ville vere gud sjølv, sette oss sjølv i sentrum og derfor påførte og påfører kvarandre store smerter. I ytterste konsekvens førte dette til døden.  Eg trur Jesus kom til jorda, levde eit perfekt liv, døydde og overvann døden. Eg trur på det Bibelen seier om Han, og derfor trur eg at Jesus kom til jorda for å sørge for at eg kan komme direkte til Gud utan å måtte gjennomgå ritualer, andre menneske eller andre sære ting.



Det er ufattelig sært, merkelig og ulogisk. Og det er ofte at eg tvilar på det. At eg ikkje kan forstå at dette er greia eg trur på. Det einaste som gjer at eg held fast på det er at eg ikkje kan la vere å tru det. For ein realist som meg, så er det ganske rart. Eg kan ikkje ta og føle på det, eg kan ikkje gje vitenskaplige bevis eller dokumentere - det er berre slik det er.. Og likevel kan eg kalle med kristen. Sjølv med all min tvil og alle mine spørsmål.

Ein gong i tida var eg ein av dei som definerte folk innanfor eller utanfor "kristen"-begrepet. Eg er ikkje der lenger. Eg har fått sjå at trua har så utruleg mange former og fasongar. Eg har fått sjå at ikkje alle ropar så høgt om kva dei trur på, men likevel held dei fast på gåva dei fekk i dåpen - eller i trua som dei har fått på ulikt vis. Kanskje handlar det berre om at ein ikkje har språket til å sette ord på det ein trur på. Og så kjem nokon av oss og slår ned den vakre trua i andre menneske, fordi vi ikkje uttrykker det på same måte. Eg har fått sjå at det som fort blir definert utanfor av oss bedrevitere ofte ikkje er det. Og kanskje kan det vi definerer som innanfor vere langt i frå nettopp det.


Så kven er kristen? Eg vågar ikkje å svare på det. Berre Gud kjenner hjertene våre. Det er ikkje mi sak å vurdere det. Eg kan stille spørsmål ved moral og etikk, men det kan eg jo til alle menneske - ikkje minst til meg sjølv. Eg ønsker òg å ta med meg sanninga og nåden som eg lærte så mykje om i Pattaya i fjor sommar  i møte med dei store, vanskelige spørsmåla. Der handlinga blir det som blir fordømt, og ikkje mennesket. Akkurat slik Jesus møter menneske - med sanninga om handlingane deira, enten dei trudde han var Guds son eller ikkje. Og kjærleiken til dei som gjorde handlingane, tilgjeving for det dei hadde gjort og nye muligheter. Det handla ikkje om kven som var kristen eller ikkje, det handla om å vere menneske. Og det handlar om å vere medmenneske.






1 kommentar:

  1. Hei Liv

    Eg er sjølv prest i ei liten kyrkjelyd, og vil berre få understreke at det du skriv her om dåpen er heilt sant. Det er berre Gud som kjenner hjarto våre, og det er særs viktig å ta trua til folk på alvor, om denne trua er sterk eller svak. Det er ikkje min jobb som prest eller medmenneske å felle dom over andre, og kalle den eine kristen og den andre ikkje. Alt dette som du skriv er heilt sant.

    Samstundes er det òg sant at Gud kallar oss, kvar og ein, til omvending og til å late oss "omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan dømma om kva som er Guds vilje: det gode, det som er til glede for Gud, det fullkomne." (Rom 12,2) Alt for mange truande har diverre ei svak tru, kall det gjerne ei barnetru, for trua har ikkje vekse seg større og sterkare.

    Gud elskar oss nett som vi er. Men han elskar oss alt for høgt til å late oss bli verande som vi er. Han ynskjer det aller beste for oss. Somme tider treng vi å høyre det fyrste, og somme tider det andre, men dei er sanne, båe to. Det andre står ikkje i motsetnad til det fyrste, men er meir å rekne som ein konsekvens av det fyrste. Og så vert vår oppgåve å hjelpe våre medmenneske med båe desse perspektiva.

    Flott å lese det du skriv! Eg vil gjerne få ynskje deg ei god veke og ei god helg, og Guds signing.

    Trond

    SvarSlett