søndag 22. september 2013

Kjære Gud, eg lurer på...

Ja, det er faktisk mange ting eg lurer på. Eg kunne spurt deg om ting som kva du tenkte på då du skapte hårvekst? Det er jo så ymse korleis mange av oss er utrusta med slikt. Og eg skulle tru at eit par tusen år med evolusjon og oppfinnsomhet på klesfronten kunne avskaffa hår på leggar og slikt, men for dei fleste av oss er ikkje det tilfelle. Og kvifor må nokon av oss få grå hår? Til og med i ung alder! Og kvifor passar ALLTID menn grått hår betre enn kvinner?

Desverre er det ikkje meg han smiler til.
Lånt rett frå internettet.

Og eg kunne spurt deg om kva du tenkte på då du skapte tenner, det er noko med patenten på dei som ikkje er heilt god.. Ikkje for å kritisere altså, men nerver i tennene er ikkje nødvendig. Den milde dunkinga av betennelse er ikkje noko å trakte etter - og rotfylling viser jo at vi ikkje treng dei. Du kunne spart oss for mange kroner der.. men då hadde vel tannlegane vorte arbeidslause og rotnande tenner gir ikkje akkurat god ånde, så du hadde vel kanskje ein plan..?

Men eg har igrunnen noko større å spørre deg om. Denne boka di. Bibelen. Den inneheld ein del ting som eg syns er vanskeleg å forholde seg til. Og som fører til usemje mellom oss som trur på deg.
Eg syns det er så vanskelig når menneske brukar den til å dømme andre. Til å undertrykke og undergrave. Det var vel ikkje det du hadde tenkt at den skulle brukast til?

Også rett frå internett..

Det er mange ting eg ikkje heilt forstår kvifor står der, dersom vi tek det ut av samtida det er sagt inn i. Nokre ting syns eg er vanskelig sjølv om eg veit noko om samtida og.
At det er to skapelsessoger for eksempel, som ikkje underbygger kvarandre akkurat. Det er ikkje heilt enkelt. Men når eg ser på samtida det er skrive inn i - at den første er skrive i Babylon, der dei dyrka sola og månen som gudar og så kjem jødane si skapelsesoge som fortel at sola og månen ikkje var var tilstades før alt.. eg tar poenget. Og eg forstår at det har med identitet å gjere. Men er det noko sant i den, sånn bokstavlig tala? Vart jorda skapt på 6 dagar eller er det berre ein måte å fortelje på?
Og den andre er jo heilt annleis. Det er jo greitt at du skapte menneske frå jorda, for å vise noko om kvar vi høyrer til og at vi er sårbare. Men kvifor den greia med at kvinna kjem av mannen sitt ribbein? Du må jo ha visst at dette kunne brukast mot oss?


For ikkje å snakke om soga om syndefallet. Kvinna fører Adam til fall. Er denne historia berre ein slags forklaringsfortelling eller er den noko som faktisk har skjedd? Kunne ikkje det vore litt tydeligare?
Ein blir jo sittande igjen med spørsmål som: "kvar var Edens hage?" og "Er det slik å forstå at vi menneske stammar frå same kvinne(og mann)?" Eller er det berre ein måte å forklare korleis noko som var flott i utgangspunktet vart øydelagt?

Eg kunne tatt for meg heile gamletestamentet på denne måten - vel, nokre historier er vel berre historier om menn og mus, kongar og tenarar. Menneske som har fulgt deg og gjort både godt og gale. Men det er vel kanskje nokre historier berre er meint som forklaringsfortellingar - som skal fortelje oss om noko som er viktig. Eller? For var det eit Babels tårn? Var det ei syndelflod? Eller er det historier som skal fortelje om andre, viktigare sanningar? Litt sånn som Jesu likningar..


Egentlig har eg ikkje så store problem med dette. Om det har skjedd eller om det berre skal seie oss noko viktig, så er det heilt greit. Nokre av lovene i tredje mosebok syns eg kanskje er litt kompliserte og voldsomme, men i si samtid hadde dei vel sin funksjon. Dei store utfordringane finn eg ikkje før eg kjem til det nye testamentet, nærmare bestemt til Paulus. Han er ein kar eg kunne tenkt meg å hatt ein skikkelig prat med og spurt om han var sikker på det han faktisk skriv.

Mannen er jo så skarp i sine uttalelsar at det er skremmande. Han angrip kvinner og menneske med anna legning, og uttaler seg på ein særdeles spissformulert måte om alle som ikkje er like heilaggjorde som han. Han framheld sølibatet som den beste levevegen og oppfordrar til lite gjennomtenkt ekteskapsinngåing. Han gjev mannen ansvar for å vere ein god ektemann, men gjev og godt tolkningsrom for dei som vil undertrykke kvinnene. Var det meininga at han skulle få så stor plass som han har fått? Det er jo tydelig at han hadde sine utfordringar han og, sjølv om han ikkje seier noko om kva tornen i kjøtet var.
Hadde Paulus hadde sagt det han sa dersom han visste at vi skulle sitte og lese orda hans 2000 år seinare? Særleg dersom han hadde visst at Jesus ikkje hadde kome igjen, slik han trudde han skulle gjere om berre ei lita stund?


Og er det meininga at vi skal lese det som Paulus skriv utan syn for samtida? For det er unektelig eit perspektiv at Paulus tala inn i ei samtid der kvinner ikkje hadde vore med på møter, og lært frå Toraen (Gamle Testamentet) slik menn hadde. Klart det betydde noko når dei no plutseleg fekk vere med i fellesskapet. Og det er eit faktum at han levde i ein kultur der homofilt samkvem vart sett på som noko opphøgd, noko som ga status - at det handla ikkje om legning. Kan det vere det han har angripe? Hadde Paulus forståinga av homofili som noko mekaisk eller såg han menneska som er skapt med denne legninga, med følelsar som dei ikkje kan styre meir enn eg kan styre mine hetrofile følelsar? Ville han virkelig nekte dei kjærleiken? Om dette var så viktig, kvifor er det ikkje eit tema som Jesus går til angrep på? Og kvifor står det ikkje noko om det i dei 10 boda, men ein kan finne det godt gøymt i mellom andre lover vi ikkje brukar mykje tid på i dag?

Det er og noko med måten Paulus framheld seg sjølv om eksempel på. Det at han framheld seg sjølv som betre enn dei andre, at han er den som har rett er noko som både fasinerer meg og som, sant og seie, irriterer meg. Var det berre slik han var? Meinte han at han var eit godt eksempel som alle burde følge? Eller handlar dette og om at han tenkte at jorda vil gå under i aller nærmaste framtid, så det er viktig at alle kjem på rett veg med ein gong, koste kva det koste ville? Eller har han heilt rett - at han er var på eit heilt anna nivå når det gjeld heilaggjering enn det dei fleste av oss i dag greier å komme på?


Det er utruleg krevande å forholde seg til mykje av det Paulus skriv. For all del, mykje av det Paulus skriv er klargjerande når ein ser på korleis ein kyrkjelyd skal fungere og korleis vi skal behandle kvarandre. Måten han har fyrst skrive om nådegåvene, så om kjærleiken for så å ta for seg ordenen i gudstenestelivet, er beint fram genial. Det er desse etiske greiene eg slit med når det gjeld Paulus.

For du ser, Gud, at mange av orda blir brukt til å rive andre ned og løfte seg sjølv opp. Det er altfor mange som går på talarstolen, både i kyrkjer, bedehus og i media, for å knuse dei "store syndarane", og som brukar ord frå Paulus for å undebygge sine påstandar - og som på denne måten rettar fokuset vekk frå at vi alle har våre ting å stri med. Det var vel ikkje det du hadde tenkt?


Og Gud, eg er så redd for å bli ein av dei som dømmer og uttrykker meg på ein måte som gjer andre menneske mindre. Det er så fort gjort når ein skal bevege seg inn i teologien sitt rom...
Eg veit at eg ikkje får svara på alt dette i dag, sansynligvis må eg leve vidare med spørsmåla mine, medan teologane strides om kva tolkning som er rett. Eg måtte berre spørre likevel.


Og Gud eg ber, som i Frans av Assisi si bøn:

Herre, gjer meg til ein reiskap for din fred. 
Hjelp meg å spreia kjærleik der hatet herskar, 
tru der tvil råder, 
håp der det er angst og naud. 
Hjelp meg å få kome med tilgjeving der det er gjort urett, 
å skapa forsoning der det er strid, 
å spreia lys der det er mørke, 
å gje glede der sorg tyngjer.

Meister, hjelp meg å søkja ikkje så mykje å bli trøysta som å trøyste, 
ikkje så mykje å bli forstått som å forstå, 
ikkje så mykje å bli elska som å elske.
For det er ved å gje at vi får, 
ved å tilgje at vi blir tilgjevne, 
ved å missa vårt liv at vi finn det. 
Det er ved å døy at vi står opp til æveleg liv.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar