fredag 6. september 2013

London, tannlegen og livet

Eg har vore så heldig at eg fekk meg ein tur til London 
for å jobbe med trusopplæring i Sjømannskyrkja denne veka. 
Det var virkelig inspirerande og kjekt å få jobbe sammen 
med dei herlige folka som jobbar for å få til 
best mulig trusopplæring for norske barn og ungdommar 
som lever rundt omkring i verda.


Det vart ein litt plutselig tur,
og tysdag morgon var eg veldig usikker på korleis det kom til å gå.
Forrige veke starta nemleg ei tann å murre.
Og denne murringa vart ikkje mindre i løpet av helga.
Så tysdag morgon ringde eg tannlegen, 
for då kjende eg at det var litt puls i tanna.
Og puls skal ein normalt sett ikkje ha i tennene...
Eg kom heldigvis kjapt inn, 
og nervebetennelse i ei tann vart konstantert.
Dei som har prøvd det veit kor det kan vere, 
dei som ikkje har prøvd det skal vere glad for det!


Etter litt akuttbehandling
var smertene reduserte (mykje takka vere grundig bedøving)
og eg gjekk heim og pakka min kvite koffert.
Et par timar seinare sjekka eg inn på Norwegian
med kurs for Gatwick.
Ein kan seie mykje om Norwegian, 
men denne turen hadde dei nokre visdomsord til meg...


Eg er i ei fase no der leiligheten flyt,
eg føler eg ikkje har kontroll over noko, 
vil gjere alt på ein gong og resultatet blir deretter..
Det er lett å gå seg vill i alle detaljane,
og gløyme å vere tilstades i sitt eige liv.

Eg sat og funderte heile vegen til London over dette.
Eg er alltid på vei ein eller annen plass.
Eg har fysisk berre vore heimom for å skifte innhald
i kofferten den siste tida.
Men i hovudet mitt, 
så planlegg eg, styrar og ordner for det som skal komme,
og gløymer å vere HER NO!

Sjømannskyrkja i London

Då er det godt å møte slike ord som dreg ein på plass.
Som minner meg om kva som er viktig.
Og det er godt å få komme til eit kyrkjerom,
delta på morgonbøn og senke skuldrane i ti minutt og berre vere.

For så å gå ut i dagen og arbeide.
Det var jo ei jobbreise dette,
så shopping får vente til ein annan gong,
men menneske kan ikkje jobbe 24 timar i døgnet
(sjølv om eg kjenner dei som vil bestride det).
Så onsdag kveld var eg så heldig
å få gå på byn med tre svært hyggelige menn. 
Og det er jo noko som ikkje skjer kvar kveld!


Det vart både god middag, is og kaffe på meg (og gutta).
Men eg måtte vente litt lenger enn dei andre på middagen, 
då dei skulle lage ein glutenfri variant av lakseretten til meg.
Det hadde dei løyst med å bytte ut pestoen(som er glutefri)
med brødsmuler... 
Heldigvis oppdaga eg det FØR eg smakte på det.


London altså... <3

Frokost på H's - ein heilt genial plass! :)
Men det var ikkje berre kjekke, unge herremenn 
eg fekk jobbe sammen med i London. 
Astrid, ei utruleg bra dame som arbeider der (i London)
var min kvinnelige medsammensvorne blant alle mennene.
Eg greidde berre ikkje å få tatt eit godt bilde av henne, 
for vi var så ivrige på møtene :)

Etter nydelige dagar med rikelig med varme, 
godt samarbeid og mykje kaffe, 
vart nasa igjen sett mot nordlegare strøk.
Heim til regn og surt ver i Bergen.
Og som om det ikkje var nok at veret er i mot meg,
så hadde eg og ein avtale hos tannlegen i dag.

Tannrota måtte renskast ut skikkelig
og så må eg gå med noko greier oppi tanna i 14 dagar.
Eg kjenner kor tusenlappane fyk av garde.

dette vil du ikkje sjå når du sit i stolen!

Men til og med i tannlegestolen kan ein få litt meir livsvisdom.
For eg kunne ignorert smerten,
og satsa på at alt gjekk over. 
(det var det eg egentlig ville)
Men då ville det berre blitt vondare og vondare,
og til slutt ville smerten overta livet.
Eg har hatt ein slik betennelse ein gong før,
og då trudde eg seriøst at eg skulle døy.
Halve ansiktet vart lamma av smerte
og eg greidde verken ete, drikke,
 tenke eller gjere noko anna fornuftig.
Derfor tok eg det med ein gong eg fekk mistanke
denne gongen.


Det er lett å gjere det samme i livet.
Å prøve å unngå å handtere smerten.
Eg er eit menneske som vil at alle skal ha det bra, 
og eg er somregel ganske godt tilfreds.
Men eg gjer alt eg kan for ikkje å oppleve smerte
eller å bli ulykkelig på nokon måte.
Og når eg ikkje greier å unngå det,
så fortrenger eg det som best eg kan...
Men ein kan jo ikkje gå gjennom livet uten
å få seg nokre skrubbsår på knea.
Det er ikkje farleg å få det, 
men dersom ein ikkje rensar skrubbsåra
og handterer det som gjer vondt, 
kan det få store konsekvenser.


Det ga meg noko å tenke på.
Eg må kanskje bli flinkare til å handtere det som
ikkje er så enkelt.
Eg må akseptere mine eigne smertegrenser
og våge å sette ord på det som er vanskelig.
Eg trur kanskje det er eit kriterie for å bli lykkelig.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar