torsdag 15. august 2013

Fridag med grillfest

I dag har eg hatt fri,
så då sov eg like lenge som eg gjorde i går.
I går burde eg ha stått opp før,
men det gjorde eg altså ikkje.
Men i dag kunne eg sove med 
godt samvit.

Most days coffee makes me...

Så tok eg lunsj sammen med folka på huset her,
før eg reiste ut på eit shoppingsenter.
Dit må eg ut ein gong til
for eg orka ikkje meir shopping i dag
etter å ha trakka rundt heile senteret på jakt etter nye solbriller.
I tillegg nærma det seg tida 
då ingen ringare enn 50 cent skulle komme
og signere nokre heldige headset til eit par tusen kroner..
Senteret var i allefall fullt av unge, håpefulle
og vektarar..

Denne butikken er eg vel forplikta å gå innom neste gang..
Så eg vende tilbake til kyrkja
og der var det tid for grillfest. 
Fine folk, god mat og god stemning er stikkord for kvelden.
Eg kjenner at eg er så priviligert
som får lov å bruke ferien min
på å vere her, sammen med desse folka i denne byen.




Fine naboane mine! <3

Grillmester Gundersen :)

God stemning

Dansk mountainbiking ;)


Sist vi grilla spelte vi kubb på stranda, i mørket.
Så vi vidareførte tradisjonen til 
kubb i parken i lyset.
Kubb var veldig mykje enklare når ein såg kor ein skulle kaste...


Og så var endå ein god dag i København over.
Og fridagen min er ferdig, 
så no kan eg berre starte å førebu morgondagen
der det er kakebaking og møte med endå fleire 
flotte menneske som står på programmet :)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar