onsdag 21. august 2013

Då eg sykla Køben rundt - og to herlig aftener.

Pål Kristian, presten her, har gjennom dei siste vekene stadig snakka
om at det er ein veldig bra kaffeplass som låg borte ved Kastellet.
Og etter tre veker i storbyen
fann eg ut at det var på tide å sjekke ut
om eg kunne finne denne plassen
som eg fleire ganger hadde nesten passert i bil.

Det er berre å la forfengeligheten fare... 

Så eg spente på meg sykkelhjemlen
og sette meg på sykkelen...
Ja, mamma, du leste rett, eg syklar i København.


Det skal seiast at var ikkje så stor tru på at eg ville finne vegen åleine
ute i den store byen.. og det kunne lett gått gale..
Allereie på fyrste avkøyringa sykla eg for langt, 
og tenkte at hvis eg berre syklar sånn ca i den retninga
så finn eg nok fram.
Eg kom fram til slutt.. men hadde då fyrst vore ein rundtur,
og uten den rundturen hadde eg jo ikkje fått sett disse stramme
tinnsoldatane som vandra gatelangs.. eller marsjerte var det visst.


Då eg hadde fått kjøpt meg ein særdeles god kopp med espresso
fann eg ut at eg ville no kikke innom Kastellet,
eller rettare sagt,
eg var så nysgjerrig på den anglikanske kyrkja som ligg der.
Så eg gjekk inn på området og fann eit kart.
Eit lite "her står du" hadde hjelpt mykje, 
men slikt kastar ein ikkje vekk blekk på her i landet!


Men denne jenta veit råd,
så eg såg meg rundt etter eit kirkespir og heldt til høgre,
inn på den vegen som svinga til venstre.
Og plutselig var kyrkja der.


Det var litt følelsen av å plutselig ha havna i ein engelsk landsby.
Eg kan mykje om den anglikanske kyrkja sin start, 
men lite om teologien.
Det var likevel stor stas å for fyrste gong få gå inn i ei anglikansk kyrkje.

Vidare gjekk fridagsferda til slottet,
det var mest fordi eg såg at det var eit norsk flagg rett borti gata,
og tenkte at det var trygt og det er sikkert den norske ambassaden, 
så eg ville sjå korleis den såg ut.
Det var i grunnen eit ganske trist syn, 
men så oppdaga eg at slottet låg rett fram, 
så eg tok liksågodt å sykla gjennom det.

Ein av fire delar av slottet... med nokon heime.

Endå fleire tinnsoldater! :)
Og så tenkte eg at då veit eg jo vegen vidare.
Så eg sykla med freidig mot, 
men vart meir og meir usikker...
Eg visste delvis kor eg var og delvis ikkje, 
heilt til eg plutselig var ein heilt annen plass enn eg trudde.
Men der hadde eg vore før, 
så då visste eg vegen heimatt.


Vel heime fann eg ut at det var sikkert best å bli der
resten av kvelden, slik at eg ikkje måtte tilkalle
sjømannskyrkjefolk for å finne meg igjen..
Så det vart middag i hagen på kyrkja 
saman med Jofrid og Maren.



Og etter ein liten handletur 
for å få tak i lunsj til i dag, 
så gjekk eg på besøk til Jofrid
som har skada seg stakkar...


Det vart ein svært hyggelig kveld i vinterhagen
i naboleiligheta.

med foten høgt..
I dag var det arbeidsdag igjen.
Og gleda var stor då Audun kom og inviterte til taco hos seg i kveld.
Heile gjengen fyllte opp i bilane
og sette kursen mot penthousen ein hemmeleg plass i København.
(egentlig er det ikkje så hemmeleg, 
eg anar berre ikkje kor det var... ;) )
På vegen delte vi ut blomster...

Sjømannspresten :)

Eg må berre seie at eg gruar meg litt 
til å reise heim til pakking og styring.
Livet her har vore så fint.
Det er så utruleg bra folk som jobbar her
og som er brukarar av kyrkja.
Eg var overhode ikkje forberedt på 
at eg skulle trives så godt som eg har gjort.

Den ferske ettårinen :)

Joffa :)

Kubb-dronninga! :)

Sidan nokon ser bra ut på dette bildet....

Medan andre gjorde seg bedre på dette... blei det begge.

Naboane mine - og mine ferievikarfeller :)

Kveldens vert :)

Det vart ein kveld med nydelig mat sammen med nydelige menneske
i nydelige omgivelser.
Heldig meg som får lov å vere med på slikt!
Eg er så velsigna!
Og eg har lyst å ønske deg og all mulig velsigning, 
så kvelden avsluttes med å ønske deg dette som står på bildet:


(Herren velsigne og bevare deg,
må Han lyse sitt ansikt over deg og vere deg nådig, 
må Han løfte sitt åsyn på deg og gi deg fred. 
For deg som ikkje er så stø i engelsk :) )

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar