fredag 9. august 2013

Kva er vel eit menneske?

Når ein arbeider i kyrkja, 
så er det ei yrkesfare at ein kan støte på dagens bibelord.
I dag var det frå Salme 144,
og i vers 3 stod ei setning som eg har tenkt masse på 
sidan eg kom hit til København.
Det var heilt merkeleg å sitte og plutselig høyre setninga som
har gått gjennom hovudet mitt med jamne mellomrom den siste veka.

"Herre, kva er vel eit menneske, 
sidan du vil kjenna det,
eit menneskebarn, sidan du tenkjer på det?"

Det er ganske fantastiske ord.
Det er store ord.
Gud - den Allmektige - Skaparen - Han som er over ALT
tenker på oss menneske, bryr seg om oss,
ikkje berre som i "alle menneske i ei masse",
men som i alle menneske - kvar for seg.



Det har vore mange tankar som har svirra den siste tida,
mange planar og mange følesar.
Forrige søndag var preiketeksten om Abraham som måtte
sende frå seg Hagar og Ismael,
fordi Sara ikkje ville ha dei der.
Historia er mykje lenger
og er vel verd å lese, 
for den fortel oss om menneske som prøvar å kontrollere livet, 
som ikkje greier det.
Den fortel om sjalusi, misunning, kjærleik,
styrke og svakhet for å nemne noko.
Men tekstutdraget forrige søndag handla altså om 
Abraham som var fortvila fordi han måtte sende frå seg 
den andre kona og sonen sin fordi kone nr.1 var misnøgd.
Og så kjem Gud og fortel at han skal gjere det, 
for Gud vil passe på dei og sørge for at 
Ismael får mange etterkomarar.


Ei heftig historie,
og eg syns det er modig av Abraham å stole på Gud.
Eg har ingen unge eg skal sende frå meg, 
men eg kjenner meg igjen både i Hagar og Abraham for tida.
Eg veit ikkje kor livet mitt er på veg hen,
ikkje at eg har visst det før,
men no er det liksom så tydelig.
Og eg føler meg så liten og utilstrekkelig...


Eg lurer på korleis Abraham snakka med Gud.
Var det akkurat som han høyrde ei stemme,
eller var det andre måtar?
Eg høyrer definitivt ikkje stemmer,
og trur nok eg hadde vorte skremt om eg plutselig gjorde det.
Eg trur likevel på at Gud bryr seg og kan lede meg
dit det er godt for meg å vere.
Eg trur Han vil meg BERRE gode ting.

Eg trur Gud kan lede på mange måtar, 
om vi lar Han få lov.
For min del handlar det ofte om ein porsjon lyst, magefølelse 
og gjerne nokre ytre bekreftelser som at ting berre legg seg på plass.  
Og ikkje minst handlar det om at eg involverer Han.
Eg ber. 
Det er ei slags samtale med Gud,
men svara er ikkje alltid like lette å tyde...
Det oppleves av og til litt som å ballansere på slakk line
langt over bakken uten sikkerhetsnett.
Og av og til kan det gå fryktelig fort..
Men erfaringsmessig så har Gud bedre løsningar
og bedre kontroll på ting,
enn det eg har....



Då eg vart spurt om å ta sommarvikariat i København
hadde eg ikkje eingong søkt på jobben i San Francisco.
Eg var litt usikker på om eg skulle gjere dette, 
København hadde eg jo vore i før,
men eg ba litt og tenkte litt,
og så kom følelsen av ro for at dette blir bra.
Så eg sa ja. 
Då eg plutselig fekk jobb i San Francisco,
måtte eg ta meg ei ny runde.
Eg spurte Gud kva han syns, 
og fekk ikkje anna svar enn lyst til å reise til Køben.
Og eg angrar ikkje.


Eg ser på det som bønnesvar.
Eg ser på det som ei stadfesting på at Gud bryr seg om
mitt vesle, ubetydelige liv.
Kanskje er eg naiv - men eg vel å tru at der er slik.
Det betyr ikkje at eg ikkje kjem til å bekymre meg
for alle mulige detaljer som må på plass før eg flyttar, 
eller kjem til å kjenne på smerten ved å skiljast frå 
familie og venner og reise ut til det ukjende.
For ikkje å snakke om å vere 9 tidssoner unna 
det som er kjent og kjært.
Men eg trur Gud er med meg,
ikkje som ein magisk goodluck-charm,
som fiksar alle problem eg møter.
Men som ein som vil vere der med meg
på dei kveldane der heimlengselen blir stor, 
og dei dagane sola skin.


Eg trur ikkje livet mitt blir uproblematisk, 
eller alt blir fryd og gammen, 
men eg trur Gud vil gå med
og eg trur at han tenker på meg
og bryr seg om meg.
Eg trur han har full kontroll 
på alt som eg ikkje har kontroll på.

Eg trur Han held heile verda vår i si hand, 
og bryr seg om alt som skjer her,
om alle som er her.
Og om vi lar Han
så går han med oss gjennom alt
både det som er godt og det som er vondt.

Ein god tanke
for ein slik kontrollfreak som meg...



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar