onsdag 14. august 2013

Om å gå forbi


Det er ein tekst som har prega, eller kanskje det er rettare å seie: plaga, tankane mine dei siste dagane.  I kapittel 10 i Lukasevangeliet står dette:

Då steig det fram ein lovkunnig. Han ville setja Jesus på prøve og sa: "Meister, kva skal eg gjera så eg kan arva evig liv?" "Kva står skrive i lova?" sa Jesus. "Korleis les du?" Han svara: "Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av all di makt og av alt ditt vit, og elska nesten din som deg sjølv." Då sa Jesus: "Du svara rett. Gjer det, så skal du leva." Men mannen ville gjera seg rettferdig og spirde: "Kven er så nesten min?" Jesus tok dette opp og sa:

"Ein mann var på veg frå Jerusalem ned til Jeriko. Då fall han i hendene på røvarar. Dei reiv av han kleda og skamslo han, så gjekk dei sin veg, og lét han liggja der halvdød. SÅ hende det at ein prest gjekk same vegen. Han såg mannen, men gjekk utanom og forbi. Det same gjorde ein levitt; han kom dit, såg mannen og gjekk rett forbi. Ein samaritan som var ute på reise, kom òg den vegen. Og då han fekk sjå mannen, fekk han inderleg medkjensle med han. Han gjekk bort til mannen, helte olje og vin på såra hans og la forbindingar på dei. Så lyfte han mannen opp på eselet sitt og førte han til eit herberge og stelte vel med han. Morgonen etter tok han fram to denarar, gav dei til verten og sa: 'sørg vel for mannen, og må du leggja ut meir, skal du får det når eg kjem tilbake.'
Kven av desse tre tykkjer du viste seg som ein neste for han som fall i hendene på røvarane?" "Den som viste miskunn mot han" svara den lovkunnige. Då sa Jesus: "Gå du og gjer som han."


Mandag hadde eg fri. Eg brukte fridagen på å tusle rundt i København og shoppe litt.. Eg hadde gått rundt halve dagen då eg kom bortover Strøget og såg ein mann ligge på gata. Han var tydelig ein av dei lause fuglane i byen, og i armane låg ein hund. Ved sida av han stod tiggarkoppen.
Eg såg at det var ei dame som var bort til han, og som vimsa litt rundt, så eg la ekstra merke til han.
Så såg eg det: Han var heilt kvit og tørr i huda, augene var halvvegs opne og han var lett blålig på leppene.
Og så gjorde eg noko eg aldri før har gjort. Eg gjekk forbi.

Då eg enno var ung og idealistisk var eg mykje i kontakt med dei som hadde gjort nokre dårlege valg her i livet i Oslo. Det var ikkje få gongar eg var bort og sjekka puls på noko som hadde sunke sammen i ei krå, og det skjedde at eg var den som ringte 113. Men eg gjekk aldri forbi nokon som såg sjuke ut.



Om denne mannen var sjuk eller om han hadde sagt farvel til livet veit eg ikkje, for eg sjekka det ikkje. Eg gjekk forbi. Eg gjekk forbi fordi eg var usikker. Usikker på kva eg skulle gjere. Og litt redd. Han hadde jo ein hund der, tenk om den gjekk til angrep? Og tenk om han var heilt frisk, berre litt bleik.... men om han var dårlig så visste eg faktisk ikkje korleis ein får tak i nødetater i Danmark. Men eg kunne jo berre gått inn på nærmaste butikk og forklart saka. Eg såg jo og at det var ei dame på saken - eg trur i allefall ho var det. Men eg spurte ho ikkje.

Ein malplassert glorie!

Eg har tenkt så masse på denne mannen etterpå. Og eg skammar meg sånn over at eg ikkje gjorde noko. Eg er så skuffa over meg sjølv, eg trudde virkelig aldri at eg skulle gjere noko slikt. Og eg har vore litt trist, for det er veldig trist at eit verdifullt menneske kan ligge slik på gata medan slike som meg hastar forbi frå butikk til butikk, på jakt etter meir.


Aldri før har historia om den miskunnsame Samaritanen stukke meg djupare og røska meg så hardt i hjarterota. Og det har eg inderlig godt av. Det er bra å få dårlig samvit når ein gjer noko som ikkje er rett over for andre menneske. Det er så lett å ha alle dei riktige orda, men når det kjem til stykket så manglar ein mot, eller tenker mest på seg sjølv. Som eg skreiv i forrige innlegg: Eg treng nåden - kvar dag. Det blir særleg tydelig når eg gjer noko slikt som dette. Heldigvis er det nåde nok til at eg kan bli tilgitt for dette også. Og så får eg lov å gå vidare i livet, ei lekse rikare og får håpe på at neste gang stoppar eg opp...


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar