søndag 18. august 2013

Blomster og felleskap.

I dag var preiketeksten frå Johannes 15.
Eg trur det må vere mitt favorittkapittel i Bibelen,
så eg gleda meg til gudstenesta.

Det vart ei litt annleis gudsteneste i dag,
for vi hadde ingen organist.
Det passa i grunnen veldig godt
på ein dag der det er snakk om at vi alle 
har ein plass å fylle i fellesskapet.


Vi måtte bere gudstenesta sammen,
og sangen var minst like vakker og fyldig i dag
som på dei "ordinære" gudstenestene.
Det vart ei gudsteneste som var god å vere på,
sjølv om den var musikalsk sett utanom det vanlege.

Men då eg sette meg ned såg eg 
at eg hadde ikkje sett skikkelig nok på blomsteroppsatsane
som står på alteret.
På den eine hadde nemleg ei rose 
havna i skjul bak dei grøne bladene til ei anna.


Til å begynne med irriterte eg meg over dette.
Men etterkvart som gudstenesta gjekk,
og etter ei veldig fin preike om fellesskap,
så vart denne blomsterbuketten ei lita tale i seg sjølv for meg.

For det er ofte slik at ein ikkje skal stikke seg fram.
Ein skal helst ikkje skilje seg ut.
Og dette fører lett til at ein gøymer seg litt i fellesskapet.
Eller så kan det vere at nokon tek så masse plass
at andre blir nesten usynlige,
sjølv om vi veit at dei er der.

"eg kan visst synge... kanskje..." ;)

Det er utfordrande å våge å vere den ein er skapt til å vere.
Det er utfordande å seie at eg kan noko som kan vere til glede for alle.
Det er utfordande å by på seg sjølv,
særleg dersom ein er litt sårbar på nokre områder.
Desse rosene var kvite, 
og nokre hadde fått nokre flekkar av brunt i kantane.
Av og til kan vi føle oss litt sånn, 
og då er det godt å kunne skjule seg i bladverket til nokon som
er tilsynelatande meir perfekt.

Men det er og ei utfordring for oss om er trygge
og som veit alt som skal gjerast, 
å gje rom til dei som ikkje gjer så mykje av seg.
Det er lett å bli litt "høg på seg sjølv".
Kanskje kan nokon andre løyse oppgåvene
på ein annerleis, men vel så bra, om ikkje bedre måte..?

Det er viktig å ha eit fellesskap der ein kan vere seg sjølv. 
Eit fellesskap som har rom for at alle kan vere seg sjølv.
Eit fellesskap som heiar kvarandre fram,
viser omsorg for kvarandre og bryr seg.
Menneske er skapt for fellesskap, 
og fellesskapa går glipp av noko dersom ikkje 
dei som er del i det får lov å gjere det dei er god på.


Min påstand er at
når menneske får lov å bidra med det dei er gode på, 
så trives både dei og menneska rundt dei.
Då blir fellesskapa prega av at det er godt å vere der
og menneska som er der opplever at dei er verdifulle og elska.

Så drit i janteloven, 
og vis deg fram.
At du er skrudd sammen slik som du er
er inga tilfeldighet!
DU er verdifull for fellesskapet,
DU har noko å bidra med som gjer fellesskapet rikare.



God søndag! 






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar