mandag 5. august 2013

FOR ein dag!

Søndag i sjømannskyrkja er gudstenestedag.
Og etter gudstenesta er det kyrkjekaffe.
Der vart vi mellom anna kjend med Ingrid, 
som bur i lag med ei av mine kollegaer i Bergen.
Det er så kjekt å bli kjend med nye folk! :D

Dagens taler :)
Og når den er over startar helga.
Og FOR EIN START PÅ EI HELG! :D

Vi starta på Cafe Luna,
med nokre av dei villaster porsjonar med mat eg har vore borti.


Det kan vel seiast at ingen av oss greidde å ete opp, 
men godt var det! :)


Så hadde eg i all min dumskap sagt at eg ville vere med opp i tårnet
i ei av dei nærliggande kyrkjene.
Det vart ein tur i ei lang og farefull trapp,
konfrontasjon med høgdeskrekk og andre nevroser,
ein enorm mestringsfølese når eg endeleg var nede igjen
og slitne armar...

Sjømannskyrkja frå tårnet :)

Sigrunn, kloke dama, vart igjen på den trygge bakken..

Ei hyggelig, amerikansk jente tok bilde av oss tårnklatrere.
Og om ein ser GODT etter ser ein så vidt sjømannskyrkja
i bakgrunnen...



Hanne Marie på toppen

Ingrid på den absolutte toppen!

Plutselig gikk det opp for meg at det var LANGT ned!


"Nå er vi ferdig med det værste" sa Hanne Marie på veg ned,
eg var ikkje enig...


Vel nede måtte vi sørge for å dokumentere at Sigrunn også var ein del av gjengen!



Det er ikkje alltid like lett å finne åpne sykkelstiar
når snarvegen tilbake til kyrkja har trapper..


Jammen godt at det var greie, og hjelpsomme, folk på andre sida av hekken...



Så bar det til stranda,
for bading, grilling, badminton og blinde-kubb..


Og litt fotosession i strandgraset..
La meg introdusere mine herlige kollegaer for tida:
Helge til venstre og Per Kristian til høgre.

 


Eg hadde i grunnen tenkt å bade litt..
men etter å ha vassa opp til knea, 
innsåg eg at det ikkje var akkurat varmt i vatnet...
Så eg tok bilder av livet på stranda og sjøen i staden..



Broen!

Hardbarka vikingar!

det er litt irriterande at vindmøllene ikkje er synkrone..

"Det ække kaldt!"
 Badeløvene kom på land igjen etterkvart.




Og Helge og Hanne Marie imponerte med 
gode evner i badminton i vinden.



sommer!

fine jentene :)

 Så begynte sola å gå ned..


Og ein starta å førebu grilling.


begynte å bli litt kaldt...

må jo dokumentere at vi har det fint :)



Og då sola var så godt som gått ned,
begynte vi å spele kubb.
Det var min første gang,
vi tapte...

sånn ca det vi såg..
Det andre laget hadde fordelen av å sjå 
medan vi spelte i blinde..
Og vi hadde spelt nokre runder før 
uretten vart oppdaga..


Sjølv med eit smertefullt tap i kubb, 
så har det vore ein fantastisk dag!
Ein ting er i allefall sikkert:
Eg diggar desse folka!
Heldige meg som får lov å henge med dei! :)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar