søndag 11. august 2013

NÅDE

Eit ord som er vanskelig å forstå. Eit ord som rommar så mykje og blir enormt når ein tenker litt på det. I dag har eg gått og grubla på det - og tenkte at eg må berre skrive litt om det..

Her i København er det slik at dersom ein brukar lydanlegget inne i kyrkja så blir det som mikrofonane fangar opp overført til oss som står på kjøkkenet. Eg syns dette er veldig koselig, for det minner meg om då eg var liten. Mine foreldre har vore tidleg ute med nokre ting, ein av dei var at vi hadde ein høgtalar på kjøkenet som var kobla til stereoanlegget på stua, og på søndagar det ikkje var gudsteneste i kyrkja brukte radiogudstenesta å ljome over kjøkenet der mamma laga søndagsmiddag. Eg har litt same følelsen som eg hadde dei gongane eg fekk hjelpe mamma med søndagsmiddagen som liten, når eg no står og jobbar på kjøkkenet og det plutselig brakar laust med eit bryllaup i kyrkja.



Desse vekene eg har vore her har det vore 10 bryllaup og to gudstenester. Alle startar med same orda:
"Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Far og Herren Jesus Kristus."
I går var det 4 bryllaup her, og dei var så store at det var brukt lydanlegg. Så eg stod på kjøkenet og kokte graut og steikte vafler når plutselig det ljoma "NÅDE vere med dykk..." veggemellom.
Eg skvatt litt med det samme lyden kom - men syns presten her seier det på ein slik fin måte, med trykk på ordet nåde. Og då eg tenkte over kva som faktisk vart sagt kjende eg at skuldrane vart litt lavare.

I dag sat eg på gudstenesta og høyrde orda igjen - og så fekk eg høyre historia om den samaritanske kvinna ved brønnen. Ho som var sett ned på i samfunnet, som hadde køyrt livet sitt i grøfta, som var så full av skam at ho gjekk til brønnen på eit tidspunkt når ho var sikker på at ho ikkje ville møte nokon. Midt i hennar kvardag møter ho Jesus, som viser henne nåde og det forandrar livet hennar. Eit heilagt møte.

møte med nåden
gir perspektivsendring

Nåden er at Jesus ser kven ho er, han fortel henne at han veit alt om henne men samstundes dømmer han henne ikkje. Han seier ikkje at det ho har gjort er bra, han skubbar det ikkje under teppet - han dreg det fram i lyset så det ligg der i all si prakt - men han er der framleis. Han tek ikkje avstand eller avviser henne, han møter henne og vil gje henne det beste.

Møtet blir så livsforvandlande at ho lar vasskrukka bli ståande igjen når ho går inn igjen til byen. Krukka som var symbolet på skamma over det ho hadde gjort. Eg har aldri tenkt på det før presten brukte det som eit poeng i tala si i dag, men ho lar krukka faktisk bli ståande igjen hos Jesus og går vidare i livet.


Nåde har den effekten på oss trur eg. Det at nokon ser kor gale det er, men likevel vil vere med oss, likevel bryr seg, likevel vil oss det beste, det gjer at vi kan gå vidare. Det at nokon vel å tilgi oss det vi har gjort, virkelig tilgi - av typen "det du har gjort er ikkje bra, men eg vel å ikkje halde det mot deg meir"-tilgi, gir mot til å gå vidare med rett rygg. Slik som denne kvinna.



Og eg har gått og tenkt på det i dag at eg treng så inderlig nåde. Heile tida. Det er ikkje det at eg er eit så innmari syndig menneske, men eg er eit syndig menneske. Og eg seier og gjer utruleg mykje dumt heile tida. Av og til blir eg heilt flau over at det kan komme så mykje dumt ut på ein gong! Eg er litt som Peter i Bibelen, eg hoppar ut av båten uten å tenke på konsekvensane, før etterpå... og det gjeld dessverre ikkje berre dei gongane det er bra å ta en sjanse. Det gjer at eg stadig treng tilgjeving. Eg treng å komme til Jesus med alt det som har gått gale i livet mitt, og få legge det der. Og eg veit at han tåler det. Men eg treng og å møte nåden frå menneska rundt meg. At folk held ut med meg til tross for det mine feil og mangler. Eg treng å møte sanninga, at det eg gjorde eller sa ikkje var bra - men eg treng samstundes å bli møtt med nåde. Eg treng at andre møter blikket mitt og seier at eg er velkommen sjølv om eg har tabba meg ut...

Difor blir nådehelsinga noko av det finaste eg veit om.
Både fordi eg ønsker å vere ein som viser andre nåde, og på den måten tek nåden Gud viser meg med meg. Men og fordi eg treng å bli møtt med nåde, mange gongar kvar dag. Både frå Gud og menneske.


Difor vil eg berre helse deg denne søndagskvelden med desse orda:
NÅDE VERE MED DEG
OG FRED FRÅ GUD, VÅR FAR, OG HERREN JESUS KRISTUS!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar