mandag 22. august 2011

Minnedag og Lissie

Det har vore ein merkeleg dag.
Eg starta dagen med å sende mamma og pappa på flybussen. Dei skal til Island, heldiggrisane!


Så tusla eg meg ein tur i Salem på gudsteneste og var ein tur på kafè med Marianne før eg var på minneseremoni på Torgallmenningen, der muslimar, kristne og humanetikarar stod saman - hand i hand. Ja, det var sikkert mange som har andre trusretningar og. Men det var eit felles ynskje om å minnes. Det er utruleg at det er ein månad sidan dei uvirkelege dagane. Det virkar både lenger sidan og kortare sidan. Dagane har gått både fort og sakte.



Eg gjekk heim markeringa og vart sittande å sjå på minnekonserten som gjekk på tv. Den var svært vakker. Det var fleire som imponerte meg, men Kongen var kanskje den som sette djupast spor i meg. For ei tale! Norge er heldige som har ein slik raus, omsorgsfull og brubyggande konge! Ein konge som lir med folket sitt, og som ser den enkelte midt i folkehavet - og som vågar å fortelle oss at vi må bry oss om kvarandre, også når kvardagen kjem!



Det har på mange måtar vore ein litt trist dag. Og det var godt å avslutte helga i Peer Gynt-hallen, der Lissie hadde konsert. Eg var ikkje så gira før konserten, spesielt ikkje etter at eg oppdaga at det var ståplass, men det tok ikkje mange sangane før eg kosa meg der eg stod. Ho var rett og slett rå heile dama!




Her er ein liten smakebit. Dama har ei fantastisk stemme!



Og ein litt annen smakebit:


På veg heim gjekk eg forbi den blå steinen, og tenkte det fikk bli dette innlegget sitt siste bilde. Vi skal ikkje gløyme. Biskopen brukte Jesu ord i apellen sin i dag, og eg syns det passar godt å avslutte dette innlegget med: "Sæle dei som skaper fred, dei skal kallast Guds born" (Matt. 5:9)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar