lørdag 13. august 2011

Déjà Vu

Mandag er dagen for oppstart av prosjekt "tøm kontoen!" eller som andre kallar det: Oppussing av bad.
I forbindelse med dette måtte eg rive eit skap i gangen. Og som eg ofte gjer når eg har slike praktiske utfordringar spurde eg Rune om hjelp. Og han kom - og hjalp meg - snille, snille mannen!

På disse skruane trengtes en stor og sterk mann - og til og med han måtte
bryte det laust..

Kva tenker du om du ser ein mann komme ruslande
med eit kubein i byn?


Kvifor har eg ein følelse av å ha sett dette før?? Må vere Déjà Vu.. ;)


Mi oppgåve var stort sett å sjå på, ta bilde og slå ut/slå inn spiker

Så fekk eg ein liten leksjon om  betongspiker. Det er aldri for seint å lære
nytt! Syns sånt er litt spennande og eg :)

For å ikkje sjå altfor suspekt ut med kubeinet tok Rune med seg ei sag og.

Den kom godt med! :)

1 stk demontert skap

Gjett om eg var glad for at eg ikkje hadde støvsuga da?
(og gjett om eg er begeistra for forrige eigar sin manglande evne til å legge
golvbelegg og tapet bak og under skapet..)

Eg er utruleg takknemlig for at Rune tok seg tid til dette. Det er alltid kjekt å gjere slikt i lag med han, men neste gang føler eg at det er eg som bør stille opp for han - og ikkje omvendt!! Å rive eit skap er kanskje ikkje det eg er flinkast på, men eg kan sikkert hjelpe med å skru inn ein spiker om han skulle trenge det... ;)

1 kommentar:

  1. Fantastisk "skru inn en spiker", du e go du tante! ;D

    SvarSlett