torsdag 11. august 2011

Sigrid Kristin + Ketil = Sant!

Fredag ettermiddag kom eg frå Kypros til Bergen. Derfrå gjekk turen rett til Nordfjord. For å få kabalen til å gå opp måtte eg leige meg ein bil på flyplassen. Grunn: Laurdag skulle eg vere med i bryllupet til Sigrid Kristin og Ketil.


Sigrid og eg har gått nokre runder i lag. Eg er verdens dårligste på å halde kontakt med folk som flyttar frå meg, men Sigrid har holdt meg i øyrene og det er eg veldig takknemlig for!



Klar for bryllup. Sangervann (lunka), kamera og høge hæler.. (i tillegg skulle
eg lese teksten så den er der ein eller annan plass og..)

Brudgommen sa i tala si at ho har ein usviktelig hukommelse. Og no då ho skulle gifte seg vart eg innhenta av gamle løfter. For 15 år sia lova eg å synge ein song når ho gifta seg, og slik vart det. 

Gjett kva song eg sang då!

Mitt favorittøyeblikk i vielsar er når brura kjem inn. Men det er ikkje brura eg ser på då, brudgommen er mykje vakrare akkurat i det øyeblikket! Berre sjå kor stolt, glad og tvert gjennom lykkelig han ser ut! 


Men det er ikkje rart når det er denne jenta som kjem opp golvet. Ho er eit varp! (sjølv om eg ikkje kan seie meg enig i at ho er fullt så uskuldig og snill pike som ho vart framstilt i talene. Eg har vore med Sigrid og gjort både eitt og anna som ikkje bør komme på trykk..)


Eg vil påstå at Nordfjord har verdens modigste prost, som i tala til brudeparet stiller spørsmålet: "Går det virkeleg an å love å elske og ære kvarandre for resten av livet?" og forventa svar, når det er ein psykolog som sit som brur.


Det er ikkje alltid like enkelt å arrangere brudepar til fotografering utanfor kyrkja, og det er iallefall ikkje lett når brudeparet har 3 små jenter som dei gjerne vil ha med. Ting tar tid, og pappa ventar med veska til mor - eller i dette tilfellet brudebuketten..


Men så blir det tid for litt romantikk ;)


Veret vart heldigvis så bra at det vart hesteskyss på brudeparet og dei søte små. Bruda og minstejenta tok seg tid til å snakke litt med hesten også



Og når ein giftar seg får ein plutselig kalender med halvnakne menn..
Sigrid er ekstremt glad i lilla. Så det var lilla velkomstdrink og lilla i pynten på bordet. Det var rett og slett nydeleg pynta! Og maten kan berre kategoriseres som heilt nydeleg!

Ein del kjekke taler var det også. Og vi fekk vite både eitt og anna om brud og brudgom, slik det skal vere i bryllup.


Og eg fekk møte igjen gamle venner, som eg ikkje har vore så flink å halde kontakta med. Men vi fann fort tonen igjen :)

Silje og Tom Kristian

Kari 

Margunn og Örn :)

ein blomst til pappa....

Buda lo og brudgommen sang. Eit godt par! Eg vil påstå at dei kler kvarandre.



Å skjere bryllupskake er ein kunst

godt dei har god trening i å mate ungar... ;)

NO skal eg  kysse deg!


Det er ein bryllupstradisjon eg ikkje forstår heilt. Polonese. Eg var glad eg hadde kameraet mitt å sjule meg bak..

brudgommen drikk seg til polonesemot..


Men brurevalsen forstår eg. Og dei var så stilege der dei svinga seg rundt som om dei aldri hadde gjort noko anna! Sigrid er generelt veldig flink å danse, og har med livet som innsats forsøkt å lære meg det. Resultat: Eg kan danse swing med henne....;)



Stine og Jon Egil kosa seg på dansegolvet:)

Dei hadde fått ein sunnmøring til å spele til dans.
Eg trur brureparet var rimelig fornøgd med dagen sin. Det såg i allefall slik ut! Og eg må seie at det var eit veldig kjekt bryllup å vere gjest i! Så gratulerer Sigrid Kristin og Ketil med giftemål, de var fantastisk vakre på laurdag - og de er eit fantastisk par!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar