lørdag 28. januar 2012

Slik går no dagane...

Det har vore stille her ei stund no - og det er ikkje nokon spesiell grunn til det.
Eg har berre hatt mykje å gjere kombinert med at eg ikkje har vore heilt i toppform.

Eg er så glad i denne som eg fekk til jul - den lyser opp i ei mørk tid!:)

Eg syns januar og februar generelt er ganske tunge månader. 
For julelysa blir pakka vekk, 
og sjølv om det er merkbart lysare no om morgonen enn det var for ein månad sidan, 
så er det likevel mørkt altfor lenge - og blir det igjen altfor tidlig! 
Og eg blir så daff av det, jammen er det godt å kunne tenne stearinlys og krype under teppet då!

Men, det har ikkje vorte så mange stundene under teppet. Eg har hatt rikelig å holde på med. 
Eg har ein jobb som er både kjekk og gjevande, men i perioder er det mykje å gjere.
Og det har det vore i det siste.
Eg har vore to turar til Os og ein til Radøy, i tillegg til alt anna eg måtte få gjort. 
Og plutselig har dagane gått..

Eg har vore med sjefen på visitas :)
Men det har ikkje vore berre jobb. Eg har tømt soverommet for alt styret som var der etter oppussinga av badet. 4 bossekkar(av typen store, svarte) forsvant i søpla. 
Det er i grunnen greit å få rydda litt gjennom kasser med ting som har stått lenge, 
for det er utruleg kva ein samlar på!

Og så har eg studert litt innimellom. Og eg har vore ein bitteliten smule sosial. 
Det har ikkje vore for mykje tid til å vere sosial. 
Når tempoet er høgt, så blir det lett at ein priorietere søvn.
Men eit veldig koselig sosialt møtepunkt var tapaskveld forrige laurdag.

Nokre av oss hadde vore på jobb, sjølv på ein laurdag.. 
Eg, Ingelin og Berit hadde nemlig ein kjempesmart idè før jul. 
I staden for julegåve til Are, Rune og Thor Øyvind så laga vi gåvekort på tapaskveld. 
Vi jentene spanderte. 
Så då fekk vi litt jentetid ut av det, der vi fikk skravle og lage litt mat i lag. 


Og så fikk vi ein veldig koselig kveld med god mat og gode venner.


 Dessert vart det også.


Og så vart eit par av oss påkobla det mest populære spelet for tida: wordfeud.


Torsdag var det og eit veldig kjekt sosialt møtepunk då Seraf starta vårsemesteret hos meg. 
Eg gløymde utruleg noko å ta bilde(TABBE!), men det var kjempekoselig å sjå folka igjen
 - og å få bestemt oss for kor vi vil at vegen denne våren skal gå - i allefall nokon lunde. 
Serafar er fine folk altså!


I går kveld var det og eit høgdepunkt. 
For fyrste gong på 2 år greidde nordfjordjentene og Hilde å treffast! 
Vi var på Big Horn og åt og kosa oss.


At det er nokon som skal inn i brudekjole vart svært tydeleg då vi skulle dele rekninga.
Vi var nemlig 4 som delte ei flaske vin, og ei som hadde kjøpt ei øl til maten.
Og då ein skulle finne ut prisforskjellen gjekk samtala som følger:
V: "Kossen e det med en øl i forhold til vinen?"
K: "Det e ekstremt masse kalorier!"  

Det er ikkje så lett å sjå, men bak Venke sit Kurt Nilsen!

Etter ein kjekk kveld på byn, så kom ein litt småslapp laurdag. 
Mamma og pappa har vore i byn, så etter middag i lag med dei, fulgte eg dei eit stykke mot båten
 - og så møtte eg Ingelin på kaffemisjonen og vi gjekk ein tur i Fjellveien. 
Det var utruleg deilig å komme seg ut i sol og skarp luft! 


No trur eg at eg skal synke ned i sofaen og berre slappe av. 
Litt deilig å gjere det også på ein laurdagskveld! :)
GOD HELG!:)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar