tirsdag 1. januar 2013

Nytt år, nye muligheter...

Godt nytt år!
Og takk for det gamle!



2012 var for meg året med 4 bryllup (som eg berre fekk med meg 3 av) og, desverre, 2 gravferder.
Det var året då eg reiste ut i den store verda heilt åleine, og fikk nærkontakt litt over det eg hadde behov for av både slangar, edderkoppar og skorpionar.
Men det var også året då eg møtte mange, fantastiske mennesker som har sett djupe spor i hjartet mitt.
Det var året for mange gode opplevingar, og nokre dårlege. Eg vil gøyme på alt det gode og ta lærdom av det vonde. Forhåpentligvis greier eg å unngå dei feila eg utførte i 2012, men eg trur eg er sikra å få lov å gjere nye i 2013 likevel..








Og så har det nye året starta. I år var eg heime på nyårsafta. Det gjekk roleg for seg, med heftige mengder med julemat, kaker og snop. Nokre nyttårsbukkar stakk innom, og før kvelden var til ende var vi på midnattsmesse i Ervik.
Det er ein fin tradisjon, å avslutte og starte året i kyrkja - med rom for ettertanke og fokus.




"Kyrkja mi"

Det er godt å ha ei storesøster!

Nytt år betyr jo nye muligheter. Kvar ny dag betyr nye muligheter. Men nytt år set gjerne ein ekstra fokus på dette. Mange av oss har nyttårsforsett, og eg har også hatt det opp gjennom åra. Dei mest vellukka av dei har vore å lære seg å ete blomkål og brokkoli og å drikke te.. Mange andre har stort sett berre ført til nederlag og ulik grad av sjølvforrakt.

Sukkerinntaket er sikra for 2013! ;)

Så i år har eg tenkt at eg vil ha nyttårsforsett som kan gje noko godt, forhåpentlegvis ikkje berre til meg sjølv. Lista er ganske enkel:
1. Eg skal IKKJE slanke meg, eg skal nyte maten og kose meg i godt lag. (eg vil heller leve forholdsvis sunt og fortsette å trene)
2. Eg vil le masse - gjerne saman med andre
3. Eg vil bry meg - om menneska rundt meg, og kanskje eit par til ;)
4. Eg vil dele - med dei som treng det
5. Eg vil ha pauser i kvardagen - som kan fyllast med det som gjev livet meining
6. Eg vil sjå, lytte, smake, berøre og vere tilstades der eg er - ikkje haste forbi til neste avtale.
7. Eg vil vere open for nye opplevingar, nye kulturar og ikkje minst nye menneske i livet mitt! :)


For å starte på dette, gjorde eg noko eg burde ha gjort for lenge sidan. Eg starta med å skilje arbeid og fritid. Det nye året starta med at mobilen min synkroniserte seg og det rausa inn med jobbmailar. Og eg kjende at dette er ikkje bra for meg, for sjølv om eg trives veldig godt på jobb, så kan ikkje jobben få lov å stjele fritida mi slik den har hatt ein tendens til siste halvåret. Så eg sletta kontoen frå telefonen før eg la meg. Det kjendes forbausande godt (sjølv om kalenderen vart urovekkande tom).

Eg håpar 2013 kan bli eit godt år for oss alle. Eg fekk ein mail for snart eit år sidan som var av den typen mail som blir sendt til alle. Eg anar ikkje kven forfattaren er, men eg syns det er godt sagt. Mykje betre enn eg hadde greidd sjølv - så eg laga det til med eitt av mine eigne bilder..

Så for 2013 ynskjer eg deg nok! 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar