tirsdag 3. mai 2011

B for BÆRGÆN!

Etter snart 9 år i denne byen har eg lært litt av kvart om den, og folka som bur her, men lærer stadig noko nytt. 


På dei grå dagane hjelper det med ein rosa hjerteparaply!


Bergen er byen der du, uansett kor du bur, alltid har ein motbakke heim.
Der husa klorar seg fast i bergveggen, og klistrar seg saman i håp om å få plass til endå eit hus. Bykjerna er så lita at du kan lett gå til alle turistattraksjonane, men likevel har ein sightseeingbuss! Og det er heilt sant - det regnar masse her! Men likevel så blir vi glad i denne byen.


Bergensarar er svært glade i det som startar på B. Buekorps, brostein, byfjellene, Bryggen, baner og Brann er nokre stikkord på kva som er hellig og urokkelig for dei. 




La oss starte med B nr.1:
I dag er det 3. mai - og eg har lært at i 1858 vart Nordnæs batallion stifta på denne dagen, noko som vert feira på Nordnes med flagging og tromming heile dagen lang. På Nordnes er denne dagen nesten større enn 17.mai - og det seier litt når det høgaste vervet du kan få i byen er leder for 17.-maikommiteen! Buekorps er kanskje den største av dei hellige kyra i byen. Dei går foran alt - trafikkreglar, nattero og middagslur må vike for trommene. 




B nr.2 har eg forsåvidt tatt for meg i eit tidlegare innlegg. Det kjem aldri noko bra ut av brostein, berre lausrista kroppsdelar eller brotne bein. Men like sikkert som amen i kyrkja legg ein ny brostein når ein skal pusse opp gatene!




Når det gjeld byfjella, B nr.3, er det jo diskusjon om kva som skal reknast med. Men det vanlegaste er å rekne dei som sjufjellsturen, turen for dei spreke, går over. Det er då: Lyderhorn, Damsgårdfjellet, Løvstakken, Ulriken, Fløyen, Rundemanen og Sandviksfjellet.
Eg har vore på 5 av 7, gått opp på 4 av dei.. nesten 5, men det 5. då har eg berre vore nesten på... No kan du gjette kvar eg har vore! ;)


Ein plass bak skodda ligg Fløyen


Sandviksfjellet

På Lyderhorn

Damsgårdsfjellet

På Løvstakken

På Rundemanen på glatta!


Ulriken- han jobba for det han som tok med seg ein nystemt citar opp dit!


B nr.4 er kanskje den som står nærmast mitt hjerte, i og med at eg nesten bur der: Bryggen. 




Bryggen er vakker og fasinerande. Den synke ein millimeter eller 3 i året, noko som gjer at det ser ut som husa skal kollapse kva tid som helst. Men det er vel litt som med det skeive tårnet i Piza, litt spenning gjer seg i ein turistattraksjon!


går døra igjen i dag?


Ein kvar bergensturist med respekt for seg sjølv har tatt minst ei av byens tre baner, B nr.5. Fløibanen vart åpna 15. januar 1918, det er ei kabelbane som består av vognene Rødhette og Blåmann. Den har ei fart på 4m/s, har ein trasse på 844 meter, har 5 stopp og ei stigning som aukar frå 15 til 26 grader på det brattaste. Den øverste stasjonen ligg 320 m over havet.

Utsikt frå Fløyen


Ulriksbanen er ei svevebane som vart åpna i 1961. Den har også to vogner: Perle og Bruse.
Bana er 1120 meter og tek deg 607 av dei 643 metera over havet som Ulriken har. 
Bybanen er den nyaste bana i Bergen, den har mange vogner, går på skinner og kræsjar til stadighet. Helst med utolmodige eller overmodige bergensarar, som trur at bilen deira er større og sterkare!


Fyrste tur med bybanen
B nr.6 er B-en som er både til glede og sorg for den ekte bergenser. Brann er laget som kan sette byen på hovudet og nærmast farge himmelen raud. Men det er og det som kan framkalle tårer og ei så grå stemning at du trur du aldri meir skal får sjå fargar. I 2007 kom gullet hem for fyrste gong på 44 år, og enten du ville eller ikkje så høyrde du lagets tolvte mann døgnet rundt. 


Kanskje ikkje det klaraste bildet av Brann men eg oppdaga
dei plutselig då vi kom til Flesland med same fly. Dei
var berre litt raskare enn meg, Husekleppen og Bakke...
Men eg må jo seie at det er få som kan feire som bergensarane, og patriotismen vil ingen ende ta. Her går fyrverkeri i lufta alle andre festlige dagar enn nyttårsafta, parader og tog går ein i så sant ein har får sjansen og ein har volumet på max når ein har muligheta!



Ein siste B som særpregar byen er blomster. Ein har utruleg flinke folk som jobbar med å pynte parkar og grøntareala, noko som gjer at det er ein svært trivelig by å bu i!




Men det er ein B bergensarar ikkje forstår vitsen med, eller sparar på, eller fortrenger... Blinklys! 



1 kommentar:

  1. For et fint innlegg, Liv-Helga! Eg saknar Bergen. I Bodø er alle gater snorrette. Regnar gjer det her og, men i tillegg så bles det kontinuerlig. Det er flott på Moloen, men ingentig er som Bryggen og Vågen, i alle fall i solskinn. Med Aspmyra som næraste nabo har eg fått min dose med "Bodø Glimt førr evig", men har nok likevel hjertet i Brann. Det ironiske er likevel at om eg hadde flytta tilbake til Bergen, så hadde eg nok fått et like sentimentalt forhold til bilder av Bodø...

    SvarSlett