mandag 9. mai 2011

Kafèkonsert med eletriske perler og englar

I går var det altså konsertdag. Saman med Electric Pearl inviterte Seraf til kafè med konsert - tre ting for prisen av ein! Det er jo ikkje dårleg..

Seraf - før konsert i fjor vår. (foto:Steinar Christiansen, for Seraf)


Det var god stemning, men litt varmt - men det var kanskje ikkje så rart - det vart jo satt varmerekord i Bergen i går!



Electric Pearl var fantastiske  - og eg greidde sjølsagt å legge igjen telefonen på bakrommet då dei spelte, og kunne liksom ikkje gå ut dit uten å forstyrre - så det fikk vere med bilde.
Men sjekk dei ut her: Electric Pearl eller på Skjærgårds Music and Mission Festival i sommar! :)
Dei er veldig verd å få med seg!!

Lydprøve - situasjonsbilde 1

Å gå på scenen etter dei var som å hoppe etter Wirkola. Men det er utruleg gøy å stå på scenen med Seraf. Det er ein fantastisk gjeng, og så mange flinke folk at eg føler meg virkelig priviligert som får lov å synge i lag med dei!

Lydprøve- situasjonsbilde 2
Eg våkna 08.40 og skulle vere i Tabernaklet kl.09.30, før dette skulle eg dusje og gjere meg presentabel - noko som resulterte i at kameraet vart liggande heime. Derfor vart det dårleg med bilder...
Men bilder eller ikkje - takk for ein fin dag alle Serafar - og til alle som kom på kafèkonserten vår! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar