lørdag 28. mai 2011

Magiske Jarle

Nokre mennesker er så musikalske at det er på grensa til å vere kvalmt!
Jarle Bernhoft er eit slikt menneske.


Eg var på konsert med han på nattjazzen for to år sidan, då hadde han med seg fullt band og det var ei fantastisk oppleving, sjølv om eg hadde problem med å høyre noko særleg dei to neste dagane.


Konserten i kveld var ei heilt anna oppleving. Og endå meir fantastisk. Det var rett og slett magisk.

Han spela på tangentar, strengar, slo, klappa og beatboxa - i tillegg til å synge.  OG FOR EI STEMME DEN MANNEN HAR!! Det slo meg litt sånn ut på slutten at egentlig har han nokre fellestrekk med Prince, for begge vrenger stemma på ein veldig spesiell måte. Ein slik falsett kombinert med feit klang i dybden er det få mennesker forunt å ha!



Denne konserten var så gjennomført at det var nesten skummelt. Lys og lyd fungerte optimalt. (til tross for nokre små tekniske problem under vegs, men dei vart fint rodd i land med ei god dose humor)
Mange gonger tenkte eg at eg hadde egentlig berre lyst å lukke augene og lytte, men eg kunne ikkje, for det var så vakkert å sjå på det som foregikk på scena. Eg trur ikkje eg har opplevd det før.



Det er sjelden at eg går på konsert der det berre er ein mann og leiketøya hans på scenen, og eg går ut igjen og manglar ord for å beskrive kor bra det faktisk var. Det er når ein tek vekk alt rundt og strippar showet fullstendig at ein får sjå kva ein ekte musiker kan vere! Eg kan berre konkludere med at eg er full av beundring!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar