torsdag 2. juni 2011

Årets konfirmant! :)

I dag var det konfirmasjon i familien. Nr. 5 i rekka av tantebarn stod for tur. Og i god tradisjon vart det eit solid familieselskap, med plass til nokre venner også. 


konfirmantdressen til guten som hadde som (ca)første ord: "TAKTOOO!!"


Mat er ein viktig del av slike dagar. Og det mangla ikkje på godsakene. Fyrst var det koldtbord med ufatteleg mykje god mat.


nokon hadde brukt litt tid på å brette servietter...
Altfor små tallerkar!


Og så var det kakene.. trur bildene forklarar litt om dei..


Marsipankaka :)
Mykje fyll er godt, men av og til kan det bli for mykje av det gode..
Men det skal jo berre meir i stykker - og kaka var rett og slett HIMMELSK!
Kakebord frå eine sida..
Og frå andre sida..


At det var nr. 5 som var i ilden i dag betyr at eg er komt halvvegs på barnetegningane! :) Det tek si tid og er ein kamp med disse tegningane, men dei (mine kjære tantebarn) er verd kvar eit minutt det tek! :)

Fyrste runde.. tok eit par timar..
nesten ferdig - 14 dagar seinare ;)

Eg bør definitivt begynne å øve meir med blyantane, for eg kjenner at eg er svært, svært rusten. No har eg to år på meg til neste konfirmasjon - då kjem det to på same tid! Yuhuu!

Og slik vart det til slutt.. 


No skal eg strekke ut magen, i håp om at der blir plass til noko i morgon og ;)





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar