søndag 12. juni 2011

På sverdeggja

Eg reiste altså heim til pinse - og som bonus fekk eg med meg Dragseidspelet - eller "På sverdeggja" som det heiter på fint. 




Det er eit spel om då Olav Tryggvason kristna 4 fylke på Dragseidet, fullt av intriger og action ispedd litt humor og romantikk.


To på dragseidspelet :)
Før oppstart var det liv og røre i vikingleiren.


Håvard var med og testa ut det nye kameraet sitt :)

Koret. Dei tre til høgre er mi mor, min far og mi niese :)

Sportsvogna kan brukast til så mangt ;)

Så kom kongen..

Og biskopen.. (eg er glad biskopen ikkje ser så skummel ut no)


Med munkane

Ragnvald frå Ervik i aksjon

Sigrid, kona til Ragnvald - noko skrekkslagen..

...forståeleg nok..

Litt ekteskapleg krangling

Og diskusjon med kongen..

Så kom sonen, Gunnar (Mikkel Gaup, om du drog kjensel på han)

Love is in the air..



Odin og Tor...


Eg kan jo ikkje avsløre kva som er slutten - det kan jo vere at du vil sjå spelet neste år! Får Ragnvald behalde hovudet? 



Det er ein flott gjeng med amatørar som gjennomførte spelet for 10. gong. Eg såg det fyrste året og har sett det ein eller to gongar etterpå, og det blir stadig bedre. 
Og det er jo ikkje kvar dag ein får med seg kyrkjeverja i Selje stå og rope på Odin og Tor!! ;)


Fornøgd spelsjåar :)
Så herved er anbefalinga gitt: Neste gong bør du få det med deg! (du kan lese meir om spelet på www.dragseidspelet.no  og sjå dei fantastiske bilda som naboen min, Lasse Fløde, har tatt! :) )



2 kommentarer:

  1. Jeg liker bloggen din:)
    God klem fra Marianne

    SvarSlett
  2. så koselig å høre:)
    Klem tilbake :)

    SvarSlett