lørdag 18. juni 2011

Om du vann 100 millionar...


Av ein eller annan grunn har eg møtt på dette spørsmålet i ulike variantar den siste tida. Summen forandrar seg, men det er alltid snakk om store pengebeløp. Kva ville du gjort med det om du plutselig hadde millionar av kroner? Det skaper eit veldig engasjement hos folk.
Når ein får eit slikt spørsmål, så får ein mulighet til å drøyme. Alt vi vanlege, normale arbeidarar, som får utbetalt vår meir eller mindre beskjedne lønn ein gong i månaden, kunne fått råd til då!
Det er ingen tvil om at eg har i overflod!

Og det slår meg at lista er fort klar, og eg står alltid fyrst på den. Så eg har gått og fundert på dette - om eg hadde vunne ein million eller hundre, kva hadde eg egentlig gjort? Eg har lyst å tenke at eg ville vore generøs, tenkt på andre og gitt til veldedige formål. Men eg er neimen ikkje sikker no i disse ferie- og skattepenge-tider.

For det var ikkje alle dei borna som svelt som stod i tankane mine då eg svei av pengar på ny linse og blits til kameraet. Eg tenkte ikkje på dei som jobbar på teplantasjene i Bangladesh, langt ut over det som blir rekna som normal arbeidstid, for å få nok mat på bordet då eg betalte for elpianoet.
Eg ofra ikkje ein tanke på alle dei som er drivne bort frå heimane sine og til flyktningeleirar med sjukdom, matmangel og tørke då eg bestilte årets sydenferie. 


Eg vil ikkje tenke på dei som ikkje har det like godt som meg - eg likar ikkje tanke på at nokon går svoltne til sengs, manglar tak over hovudet eller ikkje har til det aller mest nødvendige, men eg veit at dette skjer nærmare enn eg likar å tru. 

Eg vil heller drøyme om å få det som dei som har det bedre enn meg, dei som har feite bankkontoar og kan reise når dei vil, dit dei vil. Som kan kjøpe alle ting dei måtte ynskje seg. Som kan kjøpe kva hus dei vil, og pusse opp kva dei vil - utan å måtte ta omsyn til pris og økonomiske spørsmål.

Men gjev det lykke? 
Eg syns eg såg meir glede i ungane som dansa i Awassa, enn den eg opplever - sjølv om dei verken hadde fancy sko eller dyre klokker. Eg veit ikkje om dei fekk gå på skule ein gong. 



Eg har møtt meir takknemlighet frå dei som slit med å få endane til å møtes, enn dei som har råd til alt dei ynskjer.
Eg opplever  at det ofte er større gjevarglede hos dei som har lite, enn hos dei som har feite bankkontoar og lønnslippar på sekssifra beløp. Eg syns gjerne det virkar som ein lett blir meir sjølvhøgtidlig jo tjukkare lommeboka vert - kanskje er det fordi ein trur ein har meir å tape?



Og eg har aldri møtt ei slik gjestfrihet som eg gjorde då eg var i Latvia rett etter Sovjetunionens fall. Familien eg budde hos levde på 600 kr månaden, knapt nok til å betale husleiga. Likevel diska dei opp for den rike, norske jenta. Søstera i familia hadde akkurat fått seg jobb, og fortalde at ho gleda seg til å bidra til husholdninga. Heile hennar fyrste månedsinntekt gjekk til å kjøpe ei kake som vi skulle kose oss med siste kvelden eg var der. Eg kjem aldri til å gløyme det - og det er noko eg vil etterstrebe resten av livet, for eg ikkje ein gong i same kategori!

Det er lett å gløyme at det er ei heil verd der ute..

For eg vil ha, eg vil eige, eg vil oppleve, eg vil ha, eg vil ha, eg vil ha! På engelsk seier dei at "Sin is I in the middle" - eg trur det er mykje sant i det.
Eg har ikkje den store livsvisdomen, men eg har i allefall lært at det er sant som ordtaket seier: «Mykje vil ha meir, Fanden vil ha fleir»
mykje vil ha meir.. Liv-Helga vil ha fleire sko..

Eg trur ikkje det er noko gale i å ynskje seg ting. Eg trur ikkje det er noko gale i å drøyme om kva ein kunne fått om ein berre.. Så lenge det ikkje blir ein besettelse. Og det er ikkje noko gale i å bruke pengar på ferie eller andre goder, vi skal ikkje ha dårleg samvittighet fordi vi tjenar greit med pengar. Men dersom vi aldri ofrar dei som ikkje har det så godt som oss ein tanke, og ikkje er villige til å dele med dei som lid naud, då er det noko gale. Dersom det berre er meg og mitt som gjeld, då blir det ei kald verd og det vil bli eit tomt liv.



Eg trur i bunn og grunn eg er glad for at eg ikkje har millionar på kontoen. At eg må prioritere om eg vil ha elpiano eller ny tv. At eg framleis kan glede meg over dei små tinga.

Lykke: å drikke ein kopp kakao med ei god venninne ein sur haustdag

Eg er takknemlig for at eg må jobbe for godene, og at mi egoisme skremmer meg. For det er skremmande å sjå kor lite eg tenker på at eg har alt eg treng og vel så det. Eg er takknemlig for at eg, til tross for eit enormt fokus på kva eg ynskjer, i allefall tenker at eg vil dele det eg har, enten det er mykje eller lite. Eg vil bry meg!

Mi erfaring er at det er ved å dele at ein virkelig får det som har verdi! Så eg trur eg lar vere å levere inn lottokupongen denne veka og.. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar