onsdag 25. mai 2011

Meditasjon i Sognedomen

Eg har vore i Sogn i dag - på jobb. 
Der fekk eg vere med på ei deilig samling i kyrkja
Med Bach sine tonar frå orgelet fekk eg berre vere.


Det var roleg inni meg. 
Det er det ikkje ofte det er. 
Eg vil alltid vidare, sleppe å tenke, eg vil handle
Eg festar for sjelden blikket på det som er viktig
Det er for mange ting å tenke på
i mitt travle, egoistiske liv.

Men i dag måtte eg sjå Han


Han som ga alt
Han som ga meg livet
Han som lever
Han som held heile mitt univers i si hand
Han som aldri sviktar


"Lyset skin i mørkret,
og mørkret har ikkje overvunne det."
Joh.1:5

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar