søndag 28. september 2014

New York og Pennsylvania


Forrige søndag var ikkje kyrkjekaffeen over før eg og Gisle vart skyssa ut til flyplassen og sette nasen mot metropolen i aust. Natta hadde allereie senka seg over byen då vi ankom New York. Endeleg var eg der! Byen eg har drøymt om i så mange år. Og den infridde - til tross for mitt korte opphold.

Only in America.
Men her er det heilt naturlig.
Det er enkelte ting eg aldri
har vurdert som ei mulighet..

Det var ei heller urolig natt før avreise til Tuscarora i Pennsylvania neste morgon.
Det er merkelig at tre timar + ein ettermiddag med amerikansk fotball + å vere i storbyen
skal føre til at ein ikkje får til å sove. Men slik var det altså..

Kjært barn...

På Tuscarora var det medarbeidarsamling for oss som jobbar i Sjømannskyrkja i USA.
Det var ein særdeles oppbyggelig og svært kjekk affære.


Eg må seie at eg er svært stolt over organisasjonen eg jobbar i. Som alle andre plassar har ein ting ein kan forbedre, men takhøgda her er stor. Ein har rom for ulikheter, ulike meiningar og ulike måtar å jobbe på. Ein har respekt for kvarandre sjølv om ein er rasande uenig, og ein vågar å sette ord på det ein ikkje forstår eller ikkje likar. Eller kanskje er det rettare å seie at ein blir oppmuntra til å seie frå. Dette fører også til at latteren sit laust og ein ser det positive i kvarandre. Vi blir rett og slett litt familie når vi møtes.
Og eg er imponert over kor mange fantastiske folk eg har som kollegaer - og blir full av undring over at eg også har fått bli med på laget.


Tuscarora er absolutt ingen storby. Det er idyllisk og vakkert, og langt ute på bygda. Og dyrelivet var sterkt tilstede..



Fokuset på samlinga var trusopplæring. Og sjølvsagt feira vi gudstjeneste i lag - på ein måte som vi trur  og har erfart at ungdommane likar. Det er merkelig i grunnen, for det er vel helst slik at vi voksne også set stor pris på å feier gudstenester på denne måten....


Fredag reiste dei fleste på morgonen, medan eg fekk gleda av å jobbe saman med 3 svært hyggelige og dyktige herremenn på trusopplæringsplanen til Sjømannskyrkja.
Dagens mest spennande episode var då eg gjekk ut frå møtet for å gå på do og då eg kom tilbake var ingen av dei andre der... Eg må innrømme at eit par sekund gjekk tankane til bortrykkelsen.... Eg er jo tross alt vokst opp på vestlandet med rikelig doms- og endetidsforkynnelse av den skremmande sorten, og den dukkar opp i fantasien når det hels ikkje passar.


Heldigvis dukka dei opp igjen. Eg var ikkje latt tilbake denne gangen heller.

Heldige meg fekk lunsje med desse kjekkasane!

På ettermiddagen gjekk turen tilbake til New York.
Der skulle nokre av oss tilbringe kvelden sammen.

Nokre får tildelt større oppgåver enn andre..


På kvelden gjekk turen til Tao med ein god gjeng sjømannskyrkjefolk. I følge sikre kilder er dette ein plass som gjengen i Sex og singelliv besøkte. Tao altså.




Etter Tao gjekk vi rett til himmelen, eller Apple store som andre kallar det.
Der fekk nokre av oss drøyme om det vi ønsker oss - medan andre realiserte litt draumar..


Somewhere in my memory... 


Sidan dei ikkje hadde høveleg servering på Plaza, så trekte vi til det som kunne måle seg med det.
Sjømannskyrkja sin takterrasse.


Men alle gode ting har ein ende. Og eg var så heldig at eg vart passa på heile vegen tilbake til hotellet.
Det innebar ein tur gjennom legendariske Grand Central. 



Eg var jo heldig som vart fulgt til døra av to som ikkje har noko i mot å stille opp på fotoshoot. ;)


Vi fikk til og med eit lite glimt av Empire State building..


Det var ingenting i veien med
plassutnyttinga...
Og i dag tidlig, altfor tidlig, var det takk og farvel for min del.
Ein del av meg føler at det er som eg fekk EIN smash og nokre andre stakk av med posen.
Det vart eit litt for kort møte denne gongen, men neste gong - og det skal ikkje bli lenge til - skal eg ha tid til å utforske byen!!






Men så er det no ein gong slik at det er noko godt med å komme heim også.
Det kjendes godt å komme til San Francisco igjen, for akkurat no er det her eg skal vere.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar