tirsdag 8. mars 2011

Sjøreise i liten storm

I dag tok eg båten tilbake til Bergen. Eg gyngar framleis, sjølv om det er 6 timar sidan eg fekk trygg grunn under beina.


Det ser ikkje slik ut, men det gynga frå fyrste stund. Dei sa på nyhetene i dag tidleg (altså i 6-tida) at det var orkan i kasta utfor Stadt natt til i dag, og det rulla bra på veien rundt Barmen.


Det heldt seg stabilt i skiktet mellom sterk kuling og liten storm heile veien til Bergen. Eg må innrømme at slik vind passar meg best når eg er på land. Og det er egentlig ikkje noko særlig stas når vi på kvart stopp fekk beskjed om å sitte i ro til båten var lagt til kai..


Over Stavfjorden fekk vi beskjed om å samle sammen alle små eigendelar og barn - slik at vi visste kor vi hadde dei når dei 12 minutta det tek på overfarten var over..

Det var godt å komme fram til Bergen og kjenne fast grunn under beina igjen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar