søndag 6. mars 2011

Sweet Home Nordfjord!

Av og til er det godt å komme seg ut av byn. Og mandag fyller systera mi året, så eg fikk ein innskytelse om at det hadde vore kjekt med ein tur heim denne helga - og slik vart det plutselig.

teste min nye cabinsize-koffert :)

Men det var ikkje ein heilt knirkefri tur heim..

1. Det regna noko så enormt i Bergen på ettermiddagen.. eg må ærleg innrømme at eg ikkje oppdaga
at det regna før etter stafetten(Herrer, VM i Oslo for dei som lurer) var ferdig. Eg hadde nemlig lunsjpause på heimekontoret då..

Frista ikkje spesielt å gå ut i dette veret..
2. Kommandøren, som skulle gå nordover frå Bergen kl.16.30 var ikkje på plass til rett tid. Normalt åpnar dei for påstiging kl.16, så eg var der i ok tid til det. Men båten la ikkje til kai før 16.30, og då skulle dei losse av før vi fekk komme på. Eg forberedte meg på at dette kom til å ta lang tid, men du verden kor fort disse karane kan jobbe når dei vil. Effektivt og smertefritt fekk dei folk ombord og 16.45 la vi frå kai!

Dei fleste valgte å vente inne på terminalen,
det var tett og varmt..
3. Då eg kom til Selje vart eg henta av systera mi, noko som var veldig koselig. Men på veg over fjellet heim begynte det å snø igjen! Og eg som berre har med meg regnjakke!


Men ellers kom eg meg no heim, og det er deilig å vere nokre dagar på landet..

puse-blomst

I dag tok eg med meg dei tre eldste tanteungane mine som bur på Stadt og køyrde inn til Nordfjordeid. Der gjekk vi på Lovsong Nordfjord i Operaen. Eg har aldri vore inne der, så det var kjekt. Og det var bra opplegg og eg møtte folk som har vore viktig for meg i mange faser av livet. Der var alt frå han som lærte meg sangen om mahognyseng med speil som 6-åring, husmor på folkehøgskulen, folk eg har gått på skule med, ungdomstidas heltar, kordirigent og leirledarar, til folk eg har jobba med, jobbar med eller har i omgangskretsen framleis. Må få sagt at eg er takknemlig for alle menneska som eg har og har hatt i livet mitt. Om eg ikkje ser dei til daglig, eller tenker på dei kvar veke, så vil dei alltid ha ein plass i hjertet mitt!


På veg over Maursteidet.. vakkert!

Og då vi kom heim igjen var det party! I familien Fure betyr det MAT!

Fyrst legg vi grunnmuren med skikkelig kveldsmat..

Og så kjem kakene. Desverre tok eg berre nokre få bilder, for eg var altfor opptatt av å smake på herligheta.. Men i tillegg til kakene under var der Robert Bruuns konfektkake, gulrotkake og Lady Golden Glow. Altså totalt 6 kaker. Vi var 19 menneske. Av disse er 10 over konfirmasjonsalder.

For dei som har smakt denne går den berre under namnet "godekaka"

Suksessterte.

Ungane hadde laga marsipankake til mora. Er det rart eg har kompleks
når det gjeld kakebaking og matlaging?

Kva er vel ein god fest uten prinsesser?

Kule Ellen Synøve

Nydelige Marit :)

Det er veldig kjekt å få vere heime og senke skuldrane. Det har vore eit godt døgn heime, og enno har eg to igjen før eg skal vende tilbake til kvardagen. Det blir nok eit kakestykke eller to til og før den tid.. godt eg har treningskort når eg returnerar til byn!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar