torsdag 31. mars 2011

Aust og vest

Laurdag reiste eg ein tur austover. Fyrste stopp var nesten Østfold, nærmare bestemt Garder i Vestby. Langt ute på bondelandet, der mi kusine Anette og mannen bur på ein kjempefin og diger gard. 

Anette og eg drakk vin i glass.. Bjarne derimot... ;)
Det var fyrste gongen eg hadde greidd å legge Osloturen via Vestby, så vi kosa oss og feira med litt veldig god mat og nydelig vin. Så var det landskamp. Anette og eg var veldig enig i at den danske målskåraren måtte vere Lars Bohinens uekte son.. (og det er når ein hugsar kor kjekk Lars Bohinen var at ein oppdagar at ein har nokre år på baken..)

Så var det Earth Hour. Når ein bur midt ute på ei mark, så vert ein fort synleg, så her skulle alle lys AV! (Tv-en fekk stå på!) Det var veldig koselig, men Bjarne syns det var litt voldsomt.
 
Nød lærer voksen mann å finne...

Søndag var eg med Anette i den lokale kyrkja på Garder. Ei flott kyrkje med herlege menneske! Det er noko vakkert med lokalsamfunna sitt engasjement rundt kyrkja si. Ein har stor omsorg for kvarandre og gjer det ein kan for å få dei gode tinga til å gå rundt i bygda. Det er lett å gløyme engasjementet for enkeltmenneska når ein bur og lever i byen, det er jo så mange andre som kan ta ansvar.. Men ein klem og eit varmt handtrykk betyr mykje meir enn fine fraser, og omsorg for våre medmenneske er noko vi alle har ansvar for!



Eg syns vindua var så fine - spesielt når ein kan sjå greinene på trea utanfor gjennom dei..
Og "himmel" var eit gjennomgåande tema i utforminga av kyrkja - eg er jammen glad eg slapp å male dette taket her, men du verden så stilig det er!


 Og på badet til Anette hang noko som eg berre måtte ta bilde av. Dette er noko dei fleste av oss kan ta med oss i den travle kvardagen vår, der vi stadig trykker oss sjølve ned med alt vi ikkje får til..

YES, WE CAN!

Så gjekk turen via Moss, der eg fekk vere med på nokre nydelege kunstgardar (eg veit ikkje heilt kva eg skal kalle det, for det var gardar som hadde kunstverkstadar og galleri) - og som eg vart så betatt av at eg gløymde heilt å ta bilder!- til tante og onkel på Hanaborg. 

Der var det mat og koselig prat før eg fann toget inn til Oslo, der eg besøkte Marianne og var to dagar på jobbsamlingar. Det er alltid deilig å vere på besøk med Marianne! Ho er verdens beste venninne, så omsorgsfull og herlig!

Denne gongen fekk eg med meg ein jobbmiddag også. Med IKO og kirkerådet. Det var veldig trivelig, med god, indisk mat. Og restauranten ligg under eit basseng, og det ga lukter som ga meg ein veldig tyrkiafølelse... så det var ein litt alternativ opplevelse..


Og så, i går kveld var det heimreise. Eg jobbar i eit bispedøme som er miljøvennleg. Eg har ingenting i mot å vere grei mot miljøet, men - 6,5 timar baklengs på eit humpetog - det tærer på humøret. Og eg blir nesten mannevond når NSB kallar det Comfort og krever 90 kr ekstra for det! Heldigvis hadde eg godt selskap og noko kjekt å sjå på som kunne ta fokuset vekk frå den tiltakande kvalmen..

Criminal Minds :)

Når ein kjem heim i ellevetida så treng i allefall eg litt tid å lande, så i dag tidlig var det ikkje direkte fristande å stå opp. Men eg sleit meg laus frå madrassa og det ga ein ekstra piff på dagen å sjå denne vakre anda som låg og duppa i vassflata her i Vågen.



Men det har vore ein litt intressant dag der lite har gått etter planen. Eg gløymde f.eks. å sminke meg før eg gjekk på jobb.. Og måtte gå omvegar frå jobb til ei avtale, på grunn av brann, noko som resulterte i at eg gjekk meg på to venninner med barnevogner. Life is funny that way..


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar