Det er berre timar igjen til det er tur igjen! Å, eg gledar meg sånn!!
Denne gongen går turen til London! Det er nesten pinlig å innrømme, men eg har aldri vore der før! Så ENDELIG!!
Og reisefølget er to herlege venninnner! Vi har planar om late(?) dagar med shopping, opplevelsar og musical, og ikkje minst: Starbucks! Det skal bli kjekt å komme seg vekk frå det daglege, og få oppleve noko anna!
Tuppene skal på tur! :) |
Ei av utfordringane når ein skal på tur og har cøliaki er å planlegge maten. Men i dag tok eg miksaren fatt og laga knekkebrød. Eg har enno ikkje opplevd at det er noko problem å få god mat i utlandet, men engelskmenna er ikkje akkurat kjend for kjøkkenferdighetene sine, så eg tar lit forbehold. Og litt nødproviant er jo aldri dumt å ha..
Nødproviant! |
No gjenstår det berre å få tørre klea, slik at eg får pakka i kofferten og rekk flyet. Pass, billettar, visakort, kamera og adapter er klar!
London, here we come!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar