torsdag 7. april 2011

Thriller!

Då kjem endeleg fyrste smakebit frå London - eg lovar, det skal kome meir utfyllande saker om deilige dagar i sola i den herlege storbyen - men eg må starte ein stad, og det blir med Michael Jackson.
For jentene skulle på musical som seg hør og bør når ein er i London..

Frå bedehus- og bondeland...

Og dei som ser ut som dei har litt storbyerfaring..

Å kalle "Thriller Live" for musical er kanskje å dra det langt. Men eit fantastisk bra show er det heilt sikkert at det er! Det var verd kvar ei krone! Det er ingen tvil om at Michael Jackson er King of Pop!
Det var slager på slager med masse fantastisk dansing og show, og nokre sangarar som funka som ei kule!

Michael Jackson
King of Pop
1958-2009

I løpet av timane inne på Lyric theatre var vi innom det meste av følelsar, utenom sinne og forrakt. Vi lo, vart sjarmerte, fasinerte og jammen tvinga det seg fram ei tåre og to.. Alt som det skal vere på eit perfekt show!



Og så: som om vi ikkje hadde hatt ein bra nok kveld, så dukka plutselig ein av hovedsangarane, 19 år gamle Alex Buchanan opp. Eg lovar, denne mannen kan både synge og danse bortimot som Michael himself! Det var ikkje fritt for at jentene var imponert då vi såg han på scena, så då eg såg han måtte eg jo bare seie takk for et fabelaktig show.


Og då stoppa han opp og begynte å prate med Berit som om dei var gamle kjente.. Det er dei då ikkje, men han likte tydeligvis Berit - Who can blame him?


Etterpå prøvde vi å lande på nærmaste pub. Ikkje det enklaste vi har gjort, MJ sine sangar har nok surra i hovudet på oss sidan då.. Og eg trur eg har dei andre med meg på at ein meir perfekt kveld skal vi nok vente lenge på.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar