søndag 17. april 2011

Regn!

Sånn littegrann regn liksom.. Eg vakna i dag tidlig av at det høyrdes ut som nokon slo bøtter med vatten ned over taket, noko Vår Herre tydeligvis hadde bestemt seg for å gjere!


Det har liksom vore ein dag der det har vore deilig å vere inne. Samtidig vert eg veldig fasinert av å sjå korleis vatnet finn seg nye vegar og plassar å samlast på..

Dette brukar å vere ein liten bekk...

Plattingen brukar å vere tørr... i allefall ikkje har store søyler..

Flødeelva veks seg stadig større.. 

Ein får mest lyst å gjere som Håvard..
 Eg håpar det ikkje fortsetter slik heile påska. Eg syns Stadlandet er reint nok no!

God påskeveke! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar