mandag 18. april 2011

Moods and mist

Eg har vore i Stryn i dag. Det er lenge sia eg har vore der.  Ellen Synøve, mi søster si eldste datter, driv og lærekøyrer, så eg vart fint forvist til baksetet. Det var ein forholdsvis intim tur, i og med at vi var 7 stk i bilen inkludert ho som sat i barnesete. Men alt går om ein berre vil.

Eg slappa godt av der eg sat, så konklusjonen må vere at ho er flink :)

Stryn er liksom kjent for to ting - i følge Liv-Helga sitt hovud: Ski og Simen Staalnacke. (ja, og kanskje Petter Børresen for dei som er skikkelig inne i det..) Og dei som kjenner meg veit at  det er lite sansynlig å finne meg i skiløypa. Ikkje fordi eg ikkje syns det er gøy, men fordi eg er vaksen nok til å innsjå at eg vil vere ei fare for både meg sjølv og andre med ski på beina..


Og målet for turen var å få kjøpt dress til Håvard som skal konfirmerast i juni. Og kva er vel meir naturleg enn ein Moods of Norway-dress til guten som sa "taktor!" før han sa både mamma og pappa - i allefall nesten!


På veg heim, langs etter Hornindalsvatnet låg det skodde i dottar og laga eit magisk landskap - eg måtte berre ta nokre bilder...



Sjøl om målet for turen var å få tak i dress til Håvard, noko vi greidde med glans -  så greidde eg ikkje å gå forbi tilbudshyllene..
Så no er eg eigar av ein moods-genser og ei moods-jakke. Syns det var ganske ok i grunnen. Billig var det og - i forhold til orginalprisen! (og ja, eg veit at her kjem sunnmøringen i meg fram - men eg lovar, den kjem godt med av og til - spesielt når eg er på slike butikkar som eg var i dag!)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar