fredag 12. juni 2015

Liv(et) sin salme

Eg vart spurt om å seie noko om min salme på ein salmekveld her heime.
Det tok meg to sekund å vite kva som er min salme.
Det kunne vore mange. Eg er veldig glad i salmeboka, sjølv om det ikkje er alle salmane eg er like begeistra for. Det er noko med at mange salmar er så slitesterke. Både når det gjeld melodi og innhald.


Men tilbake til MIN salme.
Den har berre eitt vers, den salmen.
Og for å forklare kvifor den salmen er MIN, så må eg begynne i det som eg syns er ei av dei finaste  kirkelige handlingane. Dåpen.


Eg kan ikkje forklare dåpen. For meg er den eit mysterium.Vi seier at i dåpen blir vi Guds born, men eg vil aldri gå med på at barn som ikkje vert døypte ikkje er Guds barn. Dei er like høgt elska og del av fellesskapet sjølv om foreldrene tek eit anna val for dei. Eg trur på ein Gud som er stor nok til å romme det teologane ikkje kan formulere. Men eg er glad i dåpen. For meg vart det ein stor opplevelse då eg bar eit av tantebarna mine til dåpen. Då eg bøygde meg fram for at ho skulle få vatn på hovudet, så slo tanken meg: "Det er som om eg skal legge ho i nokre andre sine armar. Faktisk - akkurat no legg eg ho, og hennar liv, i Guds hender."


For meg er det der noko av greia med dåpen ligg. Vi gir barnet vårt i Guds varetekt. Vi seier at det er det vi ynskjer for barnet. Og så står vi, som kyrkjelyd, og lovar at saman med foreldre og fadderar skal vi: HA OMSORG OG BE FOR BARNET, LÆRE DET SJØLV Å BE OG Å DELTA I HERRENS NATTVERD. Ved å gjere dette, skal barnet få vokse opp og sjølv få velge kor det vil høyre til.


Eg vaks opp i ein kristen heim. Og eit av mine første musikalske minner er at nokon sit på sengekanten og syng denne salmen, som er min salme, skriven av Thomas Kingo, saman med meg. Eg må ha fått lære den, for eg sang med:

Skriv deg, Jesus, på mitt hjerte,
du min konge og min Gud,
at ei lyst, ei heller smerte,
deg formår å slette ut!
Denne innskrift på meg sett:
Jesus ifra Nasaret,
den korsfestede, min ære
og min salighet skal være.


Dette er ei bønn som har forma livet mitt.
Eg ser på den som overskrifta på mi trushistorie.
For:
Uansett kor langt vekke eg har vore,
uansett kor mykje eg prøvde å stenge Gud ute,
så har eg alltid vorte dradd tilbake.
Når tvilen slit i meg
og eg ikkje kan forstå korleis eg kan tru,
når Gud er fjern og livet urettferdig
og eg aller helst vil sleppe alt
som har med Gud og Jesus å gjere,
då kjem spørsmålet:
"Kan eg la vere å tru?"
Svaret blir alltid nei.
Det er for mykje der.


Kanskje er eg naiv.
Men eg trur på bønna si kraft.
Og eg trur at det at eg fekk lære denne salmen som barn,
og at andre sang denne bønna saman med meg
har gjort den sann.
Difor syng eg den framleis,
særleg når eg tvilar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar