torsdag 28. juli 2011

Korleis vert eit monster til?

Dei siste dagane har det vore sagt mange fine ord om demokrati, fred, forsoning og kjærleik. Om at vi må vise kvarandre omtanke, at vi står saman i sorga, at kjærleiken må overvinne hatet. Alt dette er sant og godt. Men samstundes var det lynsjestemning utanfor Oslo tingrett då gjerningsmannen kom dit. "Vi ønsker å drepe ham!" var det ein som sa på nyhetene. Og ein kan lese og høyre at når folk verd spurd, så ytrar mange at dødsstraff vil være for enkelt - han bør få svi!

Eg forstår dette. Eg kjenner dette. Eg vil helst ikkje at menneske som gjer slike vonde ting skal leve i same verd som meg, og i allefall ikkje at dei skal få det enkelt. Men eg veit og at når ein let hatet få tak, så er det vanskelig å vinne over det vonde med det gode. Kanskje er dette lett for meg å seie, som ikkje har mista ein av mine nærmaste. Det kunne fort vore ein av "mine" som var der, og kanskje hadde det vore vanskelegare å tenke disse tankane då?

Eg sat her i godstolen og høyrde far til ein av dei drepte seie at han ikkje hadde ofra ein tanke på tilgivelse, at han ikkje visste om han kunne tilgje - men han hadde bestemt seg for at han ikkje ville la hatet får slå rot. Det ville berre ramme han sjølv. Eg har djup respekt for denne mannen. Eg trur han har rett. Men eg trur og han har valgt ein vanskeleg veg.

Eg vil at gjerningsmannen får straffa han fortjener. Men eg spør meg og korleis kom han dit han er i dag? Kvifor var det ingen varsellampar som lyste hos nokon? Han var då ikkje åleine i verda.. Eller var han det? Eg har tenkt mykje på mor hans disse dagane. Det må vere utruleg vondt å sjå son sin begå slike handlingar. Ingen foreldre greier å sjå at borna deira kan bli slike monster. Ingen foreldre kan tru at deira barn kan få slike ekstreme meiningar, og handle ut frå ei slik overtyding! Ingen vil tru at deira barn ikkje er "normalt". Eg trur at skal vi oppdage dei som er på veg inn i slike miljø, som startar å få slike overtydingar, så er vi som ikkje står for nær nøydd å ta ansvar!

For korleis kunne ein mann få utvikle raseriet sitt mot andre i 9 år utan at nokon såg det? Korleis kan han ha fått forvrengt sitt bilete på andre menneske og på seg sjølv utan at det vart lagt merke til? Var det ingen der som fanga opp at noko ikkje stemde? Eller tenkte dei at det var element der som dei kunne kjenne seg igjen i, og difor tok ein det ikkje så alvorleg? Kanskje lytta ein ikkje etter kva som var meininga bak orda? Kanskje lot ein vere å handle sjølv om ein såg at det gjekk i feil retning? Og kva gjer vel eit menneske meir frustrert, sint og hevngjerrig enn det å oppleve å bli oversett eller ikkje tatt på alvor, ja, kanskje til og med bli ledd av. Eller var han ein så enormt god skodespelar at ingen ana at noko var gale? Dét er i allefall sikkert: Ingen kunne ane kor djupt hatet var, kor seriøs mannen var blitt i si overtyding.

Vi er jo alle litt redde for det vi ikkje kjenner. Og det har slått meg korleis media har håndtert denne saka.
På fredag, før han vart pågripen og det kom fram at det var ein etnisk nordmann - ikkje ein einaste spekulasjon tok høgde for at det kunne vere ein av våre som stod bak dette. Nei, det måtte vere frå Libya, al-Qaeda eller i allefall frå den muslimske verda. Ikkje ein gut frå beste vestkant i Oslo! Sjokket vart desto større då ein oppdaga kven som stod bak ondskapen.

Eg trur mange av oss har tenkt at krigen var over i 1945, at ideologien til Hitler døydde då. At  framandfrykt er noko dei kjempar med i USA, og at vi ikkje har problem med dette, sjølv om vi helst ser at alle naboane våre er nordmenn - i allefall til vi blir kjend med nokon som ikkje er det. Vi veit at det finnes høgreekstreme miljø, men så lenge fleirtalet av oss ikkje syns det er noko å tru på så er det ufarleg. No har vi fått motbevist det.

Media sine spekualsjonar understreka det heile.  Dei som har ein annan religion, hudfarge, kultur vart stempla som mulige terroristar med ein gong ugjerninga var begått.  Det gjekk ikkje lenge før vi fekk høyre om dei som opplevde å bli ropt etter på gata og plaga, berre fordi dei hadde ein annan hudfarge. Hadde vi hatt dei samme rause talene i ettertid dersom det virkelig var ein Ahmed eller Mohammed som stod bak? Eller hadde det vore lettare å legge ut på jakt då?

I dag leste eg spekulasjonar om kven som er farligast i ei nettavis. I følge Europol var det ikkje dei høgreekstreme, men muslimane. Har ikkje den siste veka lært oss noko? Å spre frykt for andre menneske, uansett hudfarge, fører aldri noko godt med seg! Det er eit like stort mangfold av muslimar som det er av kristne! Ein ekstremist er ein ekstremist - uansett kva Gud han tilber!

"Om ein mann kan hate så mykje, tenk på kor mykje kjærleik vi kan vise som fellesskap" var utsagnet som AUF-jenta sa til CNN. Fine ord, og ikkje minst sanne ord! Men det er berre fine ord om vi ikkje greier å vise det i praksis. Dersom vi ikkje vågar å gå inn i diskusjon med dei som har dei ekstreme meiningane, og gjer det vi kan for å overtyde dei om at menneske er like verdifulle om dei er frå Irak som om dei er får Norge. At ingen menneske har større eller mindre verdi. Hudfarge, augefarge, hårfarge, etnisk tilhørsle, tru, levevis og verdisyn gjer deg ikkje til eit betre eller dårlegare menneske. Du har like stor rett til å vere til, her og no!

Det seies at ord avlar handling. I det ekstreme har vi sett at dette er noko i. Men eg syns det er rart at vi ofte, sansynlegvis på grunn av menneskefrykt, ofte tar det litt meir forsiktig når det er snakk om å elske. Det har vore rørande å sjå korleis folk har gått mann av huse for å vise at vi står sammen for demokrati og rettferd. Vi viser at vi føler med og gjerne deler børa med dei som sit igjen i sorg. Eg er stolt av å vere del av eit folk som har reist seg så samla, for frihet, rettferd og fred! Eit folk som samlar seg om kjærleiken.

Men å elske er ikkje berre å holde rundt kvarandre og seie gode ord. Å elske er å kjempe for det ein trur på, det er å vise at vi tek andre på alvor og at vi vågar å seie frå når vi meinar dei er på feil veg. Dersom du ser nokon er på veg mot stupet må du gjere det du kan for å stoppe dei dersom du vil vere eit godt medmenneske.

Vi er vel alle enige om at vi ikkje ynskjer å oppleve ein ny 22.07.2011. Vi er enige om at vi vil ha demokrati og åpenhet. Vi er enige om at vi vil elske. Så kanskje ligg utfordringa hos kvar enkelt av oss: Å våge å elske på den tøffe måten. Å våge å forsvare det vi trur er rett. Å våge å forsvare alle menneske sin rett til å vere til - og å forsvare alle menneske sin verdi. Å våge å gå inn i diskusjonen med dei vi opplever som urimelige.  Å våge å bry oss om dei som startar å få vridd verdsbildet sitt i feil retning, før det er for seint.

Eg har ikkje svara på korleis eit monster blir til. Men eg trur at dersom vi tillet frykt for det ukjende, tillet at nokon vert stempla som farleg berre fordi dei tilber ein annan gud, tillet at nokre menneske vert rekna som mindre, eller meir, verd - då kan vi fort skape mange monster.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar