lørdag 18. april 2015

Når det mangler ein bit..

Eg skulle berre bruke den der kabelen ein brukar til internett når ikkje wifien er heilt god.
Og boksen står over peisen, og på ei hylle under den stod det to lysestakar og to willowtree-figurar..
Plutselig stod det berre to lysestakar og ein willowtree-figur.
Den eine hadde ramla i golvet. Og vart knust.
Dei to store bitane var enkle å finne, men i sida mangla det ein liten bit. Eg saumfor området, også kjent som stovegolvet, men eg fann den ikkje.


Til slutt måtte eg berre kalle den tapt, og lime saman dei to bitane eg hadde. For å kaste den, det greier eg ikkje. Eg veit jo kven eg har fått den frå! Men kvar skal eg sette den, og korleis skal eg sette den for at skaden ikkje skal vere synleg?


Men dei siste dagane har eg vorte gåande og tenke på denne figuren, om skaden den har og korleis det er slik i livet også.
For det blir jo fort at vi går oss på eit samanstøt med bakken. Eit samanstøt som knuser ein bit av oss.
Og kanskje må vi ha hjelp til å lime sammen bitane og kva då om ein bit manglar?

Er det ikkje litt slik at vi prøver å dekke over det? At vi lett kan tenke at vi er klar for søpla? At vi føler at vi misser litt verdi? At vi i alle fall ikkje bør vise oss fram på noko vis?
Men - er det ikkje også slik at når vi får sjå andre sine arr, så gjer det noko med oss? Blir det ikkje litt mindre skummelt å ikkje vere perfekt lenger? Og gjer det ikkje noko med oss når vi vågar å vise fram arra våre? Eg viste fram eit av mine store, stygge arr her for ikkje lenge sidan. Eg kjende langt inn i sjela kor skummelt det var. Frykta for å bli avvist låg tjukt i lufta. Men eg vart ikkje det. Og det gjorde noko med meg. Det vart plutselig ikkje så farleg at det er der..


Nokre arr er meir synleg enn andre, men vi har alle våre ting. Nokre gonger er det store bitar som er borte, andre gonger må det berre litt lim til før skaden blir nesten usynlig - i alle fall på avstand. Ein kan lett la være å lime det sammen. Berre la det ligge der og håpe på at ingen ser. Kjempe for å skjule det for verden, og slite seg ut bak fasaden. Særleg om ein veit at ein bit vart borte og ein ikkje greier å lime det sammen sjølv. Men om ein lar hender som bryr seg lime sammen, så kan resultatet likevel bli vakkert - sjølv om det manglar ein bit.


Eg trur eg skal sette figuren min tilbake på peishylla. Ho held ein sommarfugl. Sjølve symbolet på at gjennom prøvelse og smerte kan det vokse fram noko vakkert. Den må kjempe seg ut av puppestadiet for å kunne bli ein sterk og fri sommarfugl. Og kanskje blir ho ståande slik at "såret" i sida blir synleg, berre for å minne meg på at å ha arr er ikkje farleg. Det farlege er å prøve å framstå som perfekt.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar