tirsdag 28. september 2010

En vanlig dag på kontoret..

Som dei fleste har fått med seg har eg begynt i ny jobb, så rådgjevar for trusopplæring og ungdom i Bjørvin bispedøme. Det har ikkje vore snakk om glidande innfasing, men eg har blitt kasta ut i oppgåvene - noko eg elskar!
Eg har enno ikkje kjeda meg på jobb! Det er stadig ei ny utfordring eller noko kjekt som skjer.

stas med namnet på døra!

I dag måtte eg komme meg dit litt tidligare enn vanlig, no skal eg ikkje klage, for 8 er ikkje akkurat å begynne på jobb tidlig!
Men vi skulle ta avskjed med vår kjære Stiftsdirektør, som har fått seg ny jobb ei etasje opp, i Sjømannskirken.

Dette innebar eit bugnande frokostbord, gaveutdeling, dukketeater, kake, taler og masse latter. Og eg har då lært at det heiter ikkje marsipankake, det heiter Hvit Dame! (dersom det er hvit dame som er bestillt då, og den skal visst vere med makronbunn..)

Og etter eit lite seksjonsmøte, var det tid for lunsj. Der vi samla oss rundt bordet med restane etter frokosten. Og det er ingen problem å ete heimelaga Waldorfsalat to gonger på to timar!!
Så bar det ein liten tur innom datamaskina, slik at eg fekk sendt eit par mailar før eg måtte på kino.


Ja, for sånne ting kan ein plutselig måtte.. Vi fekk sjå ein ny dokumentar, som kjem på kino over jul som heiter "Gunnar goes God". Ein interessant film må eg seie, blir spennande å sjå kva reaksjonar han får når han kjem ut på orntlig!

Etter ein liten tur innom Cafè Opera der vi hadde ein prat med ein fyr om filmen, så var faktisk denne arbeidsdagen over.. Heiane, kor fort det gikk!
I morgon er det nok ein dag, med bl.a. boklunsj på hotell.. Eg må seie eg syns eg har ein rimelig ok jobb!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar