lørdag 25. september 2010

Bergen, Sol, Venke og Frida

I dag har Bergen bada i sol og eg vore på tur med Venke og Frida.

Det er så deilig med blå himmel - spesielt no om hausten!
Sidan Frida berre er 19 dagar, fann vi ut at det var viktig å ikkje ha den altfor store fysiske utskeielsen. Så vi gikk til ein av mine favorittkafèar i Bergen:

Rett på sida av Grieghallen, i ein raud liten boks..

Her fikk både store og små drikke..


Og så gikk vi tilbake igjen. Det er noko fantastisk når ein får tilbringe timar i sola saman med ei god venninne og ein baby. Ein blir rett og slett takknemlig - for livet og for alt det vakre ein får være med på!

VAKKER!!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar