tirsdag 7. september 2010

Hvilket liv!

Jau, i dag har eg virkelig hatt dagen!
Først oppdaga eg at toalettsakene låg igjen i Bergen, mens eg var på Stadt.. Det meste gikk jo fint å ordne, en halvfull deo fra påske og en mascara frå i fjor funker i nødsfall.. MEN linsene kan eg ikkje erstatte sånn uten videre..

Meg og brillene mine....

Heldigvis hadde eg i et skarpt øyeblikk greidd å kaste brillene i bagen, så eg greide å komme meg til Eid. (er liksom ikkje heilt lovlig for meg å køyre bil uten det eine eller andre)
Problemet med briller er at det er noko drit å køyre med, spesielt når det er sol og finver. Det såg sånn passe lurt ut, men har en motsol må en ha solbriller, og når en ikkje har anna, så blir det to par med briller på nasa!

Eg var nesten komt til Eid, så tenkte eg at eg skulle sjekke noko når eg kom fram, og plutselig slo det meg: iPhonen, også kjent som livet mitt, låg på pianoet heime hos mor og far Fure på Stadt! Hell i uhell, hadde eg niesa mi med meg. Ho går på skule på Eid, og vart med heim i går. Så ho ringte bestemora og fekk ho til å sende telefonen med nokre som skulle inn på kurset.

Livet mitt!

Det vart vel knappe to timar uten telefon, men eg har aldri vore så desperat før! Alt av avtaler, alle telefonnummer, lister med alt mulig rart på - alt er lagra i denne vesle saken! Uten den veit eg ikkje kva eg skal gjere! Det var ein skremmande oppdagelse - og et særdeles gledelig gjensyn!!

På kurset sat eg som dataansvarlig, og eg merka fort at eg hadde gløymt hovudet mitt ein eller annan plass og, men kor veit eg ikkje.. Og for å toppe dagen tok eg liksågodt og søla godt med lapskaus utover t-skjorta.. Heldigvis hadde eg ei rein som eg kunne bytte til i bilen..

Kjenner det har vore mange HELDIGVIS i dag. Det ordna seg med linser, for optikaren på Eid hadde dei eg brukar, så eg fekk kjøpe meg to stk. Så resten av turen til Bergen hadde eg berre solbriller på!


Vi mista ferga på Lavik, men med niste og godt humør er det ikkje det værste som kan skje når sola skine. Og i baksetet hadde eg med meg gåve frå verdens beste søster:


Heimelaga, glutenfrie skulebollar!


Og verdens beste mamma:

Rørte blåbær som pappa har plukka i sommer!


Så sjøl om dagen har vore litt på skeiva, så er det ikkje værre enn at eg kan oppsummere med at livet er i grunnen ganske herlig!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar