onsdag 15. september 2010

Kva er eit menneske verd?

Dei to siste dagane har eg vore på konfirmantforum med jobben. Fokus har vore menneskeverd og sjølvbilde. To supre seminarholdarar har snakka om inngang til livet, om livet og utgangen frå det.

Nokre av spørsmåla eg sit igjen med er:

Kva er eit menneske verd?
Når begynner et liv?
Kva bestemmer mitt sjølvbilde - kven si eller sine stemme høyrer eg på?


Visste du at alt genetisk ved deg vart bestemt alt ved unnfangelsen?
Visste du at hjertet slår 21 dager (3 veker) etter unnfangelsen?
Visste du at hjernen er utvikla i veke 8?

Visste du at nesten alle som får vite at dei ventar eit barn med Downs syndrom velger å ta abort?
Visste du at etter veke 12 kan ein ikkje gjennomføre kirurgisk abort, men må framprovosere fødsel?

Eg kjenner det rører ved meg, langt inn i sjela...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar