torsdag 23. september 2010

Hausten er her

I dag tidlig stod eg opp til eit teppe som låg over byn.. det e berre å innsjå det, hausten er her.

er ikkje lett å få auge på Fløien inni der..

Det heile innbyr veldig til å dra dyna tettare rundt seg om morgonen og gløyme at det er noko som heiter jobb... Men, skal ein ha til salt i maten, så må ein komme seg opp og ut i verda..
Då er det godt med litt kos på kontoret

eg fikk ei lykt til kontoret frå snille søstera mi :)

flaske med drikke og levande lys ved sida av PC-en
gjer livet bedre :)

Og i dag har eg vore ute på tur og. Heilt til Leirvik på Stord, noko som pr.definisjon er Sunnhordland. (Ja, det skrives visst slik, dei sparar på vokalane der sør) Og eg er jo teknisk anlagt, så eg havna med ansvar for det tekniske (lyd, bilder, filmar ect.) og det neste bildet er mest for dei som kjenner til programvaren Easy Worship, ei programvare som gjer det lett å ha to skjermbilder - i allefall til vanlig.. I dag føltes det litt som eg famla i blinde...

Dagens store gjetteleik: Kva er neste bilde?

Ja, nokre utfordringar må ein jo ha.. eller?


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar