søndag 12. september 2010

Rød koffert savnet!!

Eg veit at skal en glede seg over dei gode dagane så må ein ha noko å måle det mot. Og hvis ikkje jorda får regn så blir det inga god grøde. Og at over skyene er himmelen alltid blå..

Eg har sett det sjøl at himlen er blå der oppe..

Men i dag, på vei heim gikk alt strålande heilt til Gardermoen.. Der var det plutselig mykje folk på lite plass, og fullstendig kaos. Og når du kjeme frå et land der folk seier "sorry" bare dei snur seg, og avsluttar alle setningar med "please" eller "thank you" så blir nordmenn både brå og uhøflige!

Etter ein rimelig stressande tur innom tax-freen, så fann eg kofferten, gikk fort gjennom tollen (Såg at ho eine tollaren gjorde mine til å ville plukke meg ut, men det hadde ikkje eg tid til, så eg satte opp tempoet litt til..) og så begynte moroa.



Der var køer lange som vonde år for å få levert frå seg bagasjen, og det var ikkje akkurat folk som hadde gått på smilekurs som satt bak skranken.
Så var det å komme seg gjennom sikkerhetsslusa. Det gikk overraskande greit, og i dag tok eg ikkje med meg ei vassflaske gjennom slik eg gjorde på torsdag. (då slapp eg forøvrig slapp unna med det!) Men eg kjende at eg hadde fått ut varmen..

Så skulle vi på flyet, det tok si tid for cabinpersonalet var visst ikkje der dei skulle være.. Men etter ei stund slapp vi inn. Og då oppdaga eg at det var meg, ein bøling svenskar og bergens stolthet Brann som skulle være med dette flyet. Dei er ganske kjekke disse fotballspelarane..... 

Og etter kvart kom vi fram til Flesland også. Vi kom fram, kofferten min kom IKKJE fram. Det er jo kjempegøy når alt av toalettsaker, kjekke kle, snopet som er kjøpt på tax-free og litt til er i den. Min fine, raude koffert hadde sansynligvis ikkje forlatt Oslo..  Den som var valgt med omhu for å skulle skille seg ut frå alle dei andre, skilte seg virkelig ut frå alle dei andre, men ikkje heilt slik eg hadde tenkt..



Eg må innrømme at eg følte livet viste på alle måtar at det ikkje var på mi side då eg gikk av flybussen og himlen åpna slusene. Eg vart rett og slett nesten litt sur.
Og då er det godt å ha gode venner som ein kan treffe. Seraf hadde sunge i Tabernaklet i dag, så nokre gjekk ut og åt etterpå - og eg fikk være med. 




Og bortsett frå at eg fekk kvitløkssmør og vatten over heile meg, og bada mobilen der, så vart det ein veldig fin kveld med masse latter. Og det vart heldigvis nokre gode klemmar også, så no er eg klar for ny veke - i håp om at det forsvunnede koffert returnerer heil og fin i morgon!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar