Men sorgen og gleden er sjelden langt frå kvarandre. Og vi hadde planlagt å ha ein lammemiddag hjå meg i går, og det vart det. Det er fantastisk å få vere i lag med gode venner, med god mat og drikke.
Dagens forrett var: Avocado på salatseng med sitronfreste mandler.
Thor Øyvind på kjøkkenet |
Eg har fått god oppdragelse heime og har lært at å skjere opp kjøtet er mannfolkarbeid...
Nokre var meir begeistra enn andre... |
Hovedrett: Lammelår, dampa broccoli, steikte grønsaker (sopp, charlottløk og squash), ovnsbakte potetbåter og rødvinssaus.. Det var litt spennande med lammelåret, for steiketermometeret mitt fekk akutt sjukdom, so det vart litt på flaksen.. men det funka!
Sausnebbet mitt er litt rart, og Rune var litt uheldig.. men det skal han ha, han vaska etter seg!! Det imponerte! :) |
Den store styrkeprøva: knallhard is! |
Godjentene med godt i glaset.. |
To av godgutane med godt i skåla.. |
Men alt godt har ein ende.. så festligheta tok no slutt, men et par av gjestane valgte å overnatte, for i dag tidlig skulle vi synge i Salem med Seraf. Det var veldig kjekt! Men det er litt nedtur å kome heim til tomt hus.... i allefall når husarbeidet ventar...
Men eg må no seie at skitne gryter og annen oppvask er tegn på noko godt, og det er faktisk ei glede å vaske dei når dei triggar gode minner. Eg er utruleg takknemlig for at eg har gode vennar som eg er glad i og har det kjekt i lag med.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar