søndag 24. oktober 2010

Øvingslørdag med sosial ende

I dag har Seraf vore med på øvingslørdag til masschoir som skal være med i Betlehem på høstmøtesang 06.november.
Under ledelse av Helge Harila vart det ein dag fylt med mange svisker frå barne- og ungdomstida. (samt nokre som mine foreldre ville sette stor pris på.)

God stemning, sjølv om det var kaldt i KF i dag

Det var ein veldig kjekk dag, eg fekk virkelig kjørt meg på bladsynginga og kosa meg i grunnen litt når eg oppdaga at eg ikkje er heilt vekke på det området, sjølv om det er maaaange år sidan sist eg gjorde det.
Og så er det kjekt å gjere noko annerledes, prøve noko ein ikkje gjer til vanleg, og ekstra kjekt er det å være i lag med andre som drive med det same.

God stemning i lønsjen også! :)
Etterpå hadde vi eit par timar kvar for oss, før dei som ville skulle samlast hos Are. Eg må innrømme at det var tungt å mobilisere til å gå ut igjen når eg endeleg var kommen heim. Denne veka har eg vore vekke mesteparten, og i dag var det synging heile dagen og i morgon skal vi synge store deler av dagen. Og så er det så kaldt ute, og glatt.. Slik skal det berre ikkje vere før bursdagen min!!

Løvstakken 23.10.2010!

Men eg mobiliserte, kom meg avgårde, heldt nesten på å dette på isen, men berre nesten og var i et passe dårlig humør då eg kom til Are. 
Men humøret vart betraktelig bedre etter å ha vore i lag med disse flotte menneskene i nokre timar! Berre sjå kor vakre dei er! :









Og eg lovar, dei er minst like vakre på innsida - om ikkje enda vakrare!!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar