torsdag 28. oktober 2010

Bursdag! - tankar om levd liv og takknemlighet


Ja, då var endå eit år av livet mitt tilbakelagt, og eit nytt påbegynt.. Veit ikkje heilt kor begeistra eg er for det, men eg kjem ikkje utanom : Eg blir eldre..
Og her om dagen kom eg på kontoret og såg refleksjonen av meg sjølv i vindauget (det var framleis mørkt ute) og der såg eg det: EIT GRÅTT HÅR! Skein som berre det!! Det likar eg DEFINITIVT ikkje!

Men bursdag er liksom dagen for å sjå litt på livet sitt.. Eg skulle så gjerne vore komt lenger, lært meir, våga meir, gjort meir... Men når eg ser på det så må eg seie at eg er rik! Kanskje ikkje på kroner og øre, men eg er rik på glede og kjærlighet!

Eg hadde allereie fått gåve frå søstera mi og familien, men tanteungane mine der syns det var for gale at eg ikkje skulle få noko å pakke opp på dagen.. så dei hadde berre funne noko tanta mangla!

Rosa cordless screwdriver!! Den var berre så kul at den måtte forevigast!

Klar til bruk!
Eg hadde med meg kake på jobb, og hadde ein veldig fin arbeidsdag - og tenkte at eg kan jammen vere takknemlig for at eg har ein jobb å gå til, eg har gode kollegaer med mykje latter og glede. Og mot slutten av dagen stakk Are innom for å få seg ein kakebit og. Det var veldig koselig! 

Eg trudde eg var blitt god på å dokumentere ting, men
å ta bilde av Are på kontoret mitt greidde eg ikkje.. men eg hadde no eit
anna bilde, eit såkalla illustrasjonsfoto ;)
Mamma og pappa var her, så eg fekk deilig middag på bordet då eg kom heim frå jobb og nydelig kake på ettermiddagen. (for kaka eg hadde med på jobb, den forsvann på jobb!) Og det er lenge sidan sist vi var i lag på bursdagen min..
Eg er så takknemlig for at eg har mamma og pappa, og resten av familien min, som er glad i meg og som stiller opp for meg når eg treng dei! Eg er kjempeglad i dei og, og ville gjort kva som helst for dei!

Fantastisk flotte roser frå mamma! :)

Eg fekk så mange fine gåver - felles for alle var at den eller dei som ga den hadde tenkt på kva eg ville bli glad for, og for meg var dét den største gåva. Eg er å utrulig rik som har menneske som bryr seg om meg og som eg er utrulig glad i! Og eg må innrømme at det var litt kjekt med alle fjesbokgratulasjonane!

Konklusjonen etter denne dagen er: Eg kan ofte sjå meg blind på alt som så gjerne skulle vore annerledes, men når alt kjem til stykket, så har eg det så godt som det går an å få det! Eg er så takknemlig!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar